ID3-318 Fordjuping Klatring
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Gjennom emnet skal studentane utvikle kunnskap og forståing om sportsklatring og buldring. Studenten skal lære om sikringsmetodar og "metodesettet" for sportsklatring inne og ute. Fordjuping klatring vil gjennomgå teori og praksis som ligg til grunn for val av treningsmetodar, aktivitetstypar og dosering av klatreøkter. Ved å fokusere på trenar/lærar/instruktørrolla vil studenten få øving med å rettleie klatrarar til ferdigheitsutvikling i klatring. Studentar som oppflyller kravene til Norges Klatreforbund får tilbod om å ta Klatreleder Inne instruktør kurs og kan holde grunnkurs inne og gjennomføre "brattkort prøver."
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om å planlegge gruppeaktivitetar på inne klatrevegg og i buldrevegg på ein trygg måte
- har kunnskap om å trene barn, unge og vaksne i forhold til ferdigheiter som teknikk, styrke og uthald i klatreanlegg
- har kunnskap om korleis ein gjennomfører trygg sportklatring på klatrefelt ute
- har kunnskap om krav til trenargodkjenning hos Norges Klatreforbund (NKF) og hos Norsk Fjellsportforum (NF)
Ferdigheitar
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre gruppeaktivitetar på inne klatrevegg og i buldrevegg på ein trygg måte
- kan planlegge og gjennomføre klatreøkter med barn, unge og vaksne i forhold til ferdigheiter som teknikk, styrke og uthald i klatreanlegg
- kan planlegge og gjennomføre NKF «grunnkurs inne» og gjennomføre «brattkort prøver»
- kan nytte klatrefelt ute på ein trygg måte
Generell kompetanse
Studenten
- kan organisere klatring som aktivitet innandørs for barn, ungdom og vaksne
- være NKF Klatreleder inne instruktør på innføringskurs inne
- kan gjennomføre Topptaukort- og Brattkortprøver
- kunne trygt nytte sportsklatrefelt ute
Krav til forkunnskapar
- Fullført 60 studiepoeng idrett, natur- og opplevingsbasert reiseliv eller anna relevant utdanning.
- Studenten må inneha brattkort.
- Ein må ha klatra eitt år for å kunne ta NKF Klatreleder inne instruktørkurset.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformer i emnet er ei blanding av førelesingar, individuelle oppgåver, gruppearbeid, framlegging og praktiske klatreøkter. Teoretisk lærestoff blir integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Deltaking føreset at studenten er førebudd med omsyn til tuplanlegging, teoretisk pensum og nødvendig utstyr.
Ekskursjon:
- Sportsklatring, 2 dagar
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar.
- Godkjent obligatorisk læringsaktivitet: Planlegging, gjennomføring og evaluering av ekskursjonar
- Godkjent deltaking på obligatorisk NKF Klatreleder inne undervisning
- Godkjent eit skriftlig individuelt arbeid
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for alternative arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell skriftleg eksamen. Tid: Fire timar. Gradert karakter (A-F).
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel