ID3-330 Fordjuping fotball 2, trenarrolla og trenarutvikling
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
- Trenarutvikling
- Trenaren som koordinator
- Rettleiing av trenar, ved bruk av analyseverktøy
- Fotball som kulturelt fenomen
- Fotball og organisasjonsutvikling
Kurset blir gjennomført i nært samarbeid med Norges Fotballforbund, NFF Sogn og Fjordane og Sogndal Fotball.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om trenarkoordineringsrolla
- har kunnskap om feedback og evaluering av trenarrolla
- har kunnskap om relevante verktøy for kamp- og spelaranalyse
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere kring utvikling av eigne ferdigheiter som trenar
- veit noko om korleis han kan jobbe på feltet
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjere greie for korleis ein skal ta eigarskap til eigen ferdigheitsutvikling som trenar
- kan gjere greie for fotballen sin rolle i samfunnet
- kan kvalifisere seg som B-lisenstrenar i NFF sin trenarstige
Krav til forkunnskapar
Fullført 60 studiepoeng idrett eller tilsvarande. NFF Grasrottrenaren.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene er førelesing, gruppe- og individuelt arbeid. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen, mellom anna praktiske instruksjonsoppgåver.
Undervisninga blir gjennomført i klasserommet, på analyselaboratoriet og på fotballbana.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Desse blir spesifisert i kursplanen.
- Ei individuell praktiske instruksjonsoppgåve
- Teoriprøve, to timar, bestått/ikkje bestått
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell, praktisk eksamen med gradert karakter (A - F). Tid: 45 minutt.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel