JU6-404 Jus for offentleg leiing
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje studentane moglegheit til å forstå korleis forvaltningsretten sine rettsreglar legg rammer for styring og leiing i offentlege verksemder. I tillegg skal studentane ha eit oversyn over korleis ein løyser praktisk juridiske problemstillingar.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande kunnskapar, ferdighetar og kompetanse
Kunnskap
- Ha god kunnskap om dei viktigaste reglane for sakshandsaming innan offentlege verksemder, og særleg innan helse- og velferdssektor og skulesektor.
- Ha innsikt i internkontroll som metode.
Ferdighet
- Kunne sakshandsame juridiske problemstillingar i høve sitt praktiske ansvars- og arbeidsområde i sektoren
- Ved delegering kunne leie og rettleie andre i sakhandsaming
Generell kompetanse
- Ha grunnleggande forståing av forvaltningsretten sine rettsreglar generelt og rettsreglane i høve eigen sektor og fagområde spesielt.
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, øvingsoppgåver (sjå arbeidskrav) og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav nr. 4: To praktiske oppgåver med individuell tilbakemelding.
Vurderingsform
Heimeeksamen, individuell - 8 dagar. Praktisk oppgåve. Omfang inntil 3500 ord.
Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene.
Bokstavkarakter A - F
Ved stryk kan studenten ta opp igjen eksamen det påfølgjande semesteret.
Hjelpemiddel ved eksamen
Heimeeksamen - kan bruke tilgjengelege hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddel