KUN803 Estetiske læremåtar i skulen, 5. -10.
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet tek for seg estetiske læreprosessar i brei forstand, og korleis desse kan nyttast i ulike faglege kontekstar i 5.-10. klasse. Estetiske læringsmåtar er kroppslege, sanselege og heilskapsorienterte og ivaretek heile mennesket. Dei estetiske faga er ein ressurs i arbeidet med så vel fellesskap og demokrati som livsmeistring, og for å oppnå djupnelæring. I emnet jobbar ein med musikk, drama og kunst og handverk som verktøy i ulike skulefag.
Emnet er samlings- og nettbasert, med base på HVL, Campus Sogndal.
Læringsutbytte
Studenten har:
Kunnskap om
- estetiske læringsprosessar i skulefag
- kulturuttrykk som ein ressurs i arbeidet med identitet, fellesskap, demokrati og medborgarskap
- fagfornyinga i grunnskulen
- rettleiing og motivering av elevar
Ferdigheiter i
- song, samspel og musikkaktivitetar som uttrykksform og læringsverktøy
- å arbeide med dramatiske uttykksformer og improvisasjon som uttrykksform og læringsverktøy
- teikning, visuell formgiving (skissebok) som uttrykksform og læringsverktøy
- dramaturgi som planleggingsverktøy i prosessen frå idé til ferdig resultat
Generell kompetanse i
- å utvikle aktive og inkluderande læringsformer og undervisningsressursar med utgangspunkt i estetiske læreprosessar
- refleksjon rundt korleis estetiske læreprosessar kan bidra til bl.a. djupnelæring og kulturell kompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Erfaring med undervisning i skulefag og/eller kunst- og kulturformidling.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeid med praktiske aktivitetar på samlingar, arbeid i grupper, utprøvingar på eigen arbeidsplass, diskusjonsforum med erfaringsdeling, forelesningar, synkron og asynkron nettundervisning.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatorisk deltaking på samlingar.
Refleksjonsnotat om utprøving av aktive og inkluderande læringsformer på eigen arbeidsplass.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen på inntil 30 minutt, med to dagars førebuing.
Vurdering: Bestått/ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel