Hopp til innhald

KUN804 Praktiske musikkaktivitetar

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

I emnet vil studentane få erfaring med leiing og organisering av musikkaktivitetar i workshopformat med tanke på å fremme kreative og estetiske læreprosessar. Sentralt i emnet står praktisk arbeid og refleksjon knytt til musikalske tema som til dømes rytmikk, improvisasjon, gehørarrangering, samspel og komponering. Kunnskap om korleis ein kan legge til rette for slike aktivitetar i grupper med ulike typar deltakarar vil vera del av emnet. Det er eit poeng at studentane skal ha moglegheit for å knytte arbeid i emnet opp mot eigen praksis.

Emnet er nett- og samlingsbasert og rettar seg mot kulturskulelærarar, lærarar i grunnskulen, frilansarar og aktørar i det frivillige musikklivet.

Læringsutbytte

Kunnskapar

studenten

  • har kunnskap om korleis ein kan arbeide med ulike musikalske element i gruppeaktivitetar
  • har kunnskap om korleis leiing av kreative og estetiske læreprosessar i musikk kan tilpassast deltakarar med forskjellig nivå og bakgrunn
  • har kunnskap om korleis digitale verktøy kan integrerast i samband med gruppeaktivitetar i musikk

Ferdigheiter

studenten

  • kan leie musikalske workshops og vera sensitiv for deltakarane sine innspel
  • kan bruke eit utval didaktiske verktøy i arbeid med musikkaktivitetar i grupper med einsarta og blanda instrument
  • kan gjennomføre musikalske aktivitetar der kropp og stemme har ein sentral plass

 

Generell kompetanse

studenten

  • kan bidra aktivt til å skape et godt klima for musikkaktiviteter i grupper
  • kan reflektere over eigen didaktisk og erfaring og kople dette til litteratur som er relevant for innhaldet i emnet

Tilrådde forkunnskapar

Utdanning i musikk og/eller erfaring med musikkundervisning eller leiing av andre typar musikkaktivitetar er ønskjeleg.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er organisert som eit samling- og nettbasert studium. Det blir lagt inn to samlingar a to-tre dagar i emnet. Arbeidsformene i emnet vil veksle mellom praktisk arbeid, forelesingar og litteraturstudier.

Obligatorisk læringsaktivitet

- obligatorisk deltaking på samlingar

- presentere erfaringar frå utprøving av didaktisk opplegg i eige eller andre si praksis

Vurderingsform

Mappe

Karakter: bestått/ikkje bestått

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel