MAS3-300 Læring i klasserommet
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet skal ha eit hovudfokus på dei mange didaktiske utfordringane læraren har for å få i gang utviklande læringsprosessar i klasserommet, og å leggje til rette for eit inkluderande læringsmiljø. Studentane skal få innsikt i nyare teoretisk grunnlag for utvikling av strategiar for læring, i særleg grad knytt til læringsarbeid i dei sentrale skulefaga. Eit særleg perspektiv vil vere ei tydeleg lærarrolle med vekt på samspelskompetanse og dialogkunnskap i eit klasserom prega av kompleksitet og variasjon.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om empirisk og evidensbasert klasseromsforsking
- har kunnskap om ulike perspektiv på motivasjon, læring og vurdering
- har kunnskap om tilpassa opplæring ut frå eit samfunnsmessig perspektiv
- har inngåande kunnskap om nyare didaktiske teoriar og kan nytte desse på å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning.
Ferdigheiter
Studenten
- kan innhente systematisk kunnskap om læring og undervisning i klasserommet
- kan analysere og forhalde seg kritisk til arbeids- og vurderingsformer i lys av didaktiske perspektiv
- kan analysere og bruke relasjonelle, dialogiske og samspelsorienterte tilnærmingsmåtar til pedagogisk arbeid
- kan analysere relevante fag- og yrkesrelaterte problemstillingar knytt til læringsarbeid i klasserommet
- kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar knytt til læringsarbeid i klasserommet
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere og kritisk drøfte relevante problemstillingar knytt til læring og undervisning
- kan kommunisere om læring og undervisning innanfor fagområdet med basis i ulike kunnskapsformer knytt til feltet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er bygd opp rundt samlingar som kombinerer førelesingar, diskusjonar, seminarpresentasjonar og gruppearbeid. På samlingane vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer. Ei gjennomgåande arbeidsform er skriving av større og mindre akademiske fagtekstar, med tilhøyrande studentrespons. Studiet stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og aktiv tilnærming til problemstillingar studentane vert presenterte for.
Mellom nokre samlingar vil det vere undervisning på digital læringsplattform, som førebuing eller etterarbeid frå undervisningssamling i Sogndal.
Obligatorisk læringsaktivitet
To skriftlege individuelle arbeidskrav.
Frammøte i all undervisning, både samlingar i Sogndal og på digital læringsplattform.
Vurderingsform
Munnleg individuell eksamen. Presentasjon av oppgjeve tema knytt til individuelt arbeidskrav.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.