Hopp til innhald

MAS3-301 Vitskapsteori og metode

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet består av tre ulike komponentar.

  • Vitskapsteori og design: Emnet inneheld eit kurs i vitskapsteori og design. Kurset skal formidle kunnskap om rekkjevidda til ulike filosofiske spørsmål som er viktige for vitskapleg arbeid, og utvikle eit repertoar for å møte ulike typar problemstillingar. Dette vert realtert til arbeid med å utvikle innsikt i ulike forskingsdesign.
  • Metodologi og metode: Emnet inneheld ei oversikt over korleis ulike problemstillingar krev ulik metodologi. I denne gjennomgangen blir det lagt vekt på å få fram kunnskap om kva dei ulike vitskapelege metodologiane har felles. Emnet vektlegg innføring i kvantitative og kvalitative tilnærmingar og metodar i forsking, både teoretisk og praktisk.
  • Oppgåveseminar: Saman med undervisning i metode- og vitskapsteori vert det arrangert ei rekkje med masteroppgåveseminar der studentane skal legge fram og delta i drøftinga av eige og andre sine skisser til masteroppgåve. Studentane skal også lære å lese og analysere vitskaplege artiklar og reflektere over korleis truverdet blir skapt i vitskapleg arbeid. Seminaret er med og dannar grunnlag for prosjektplan for masteroppgåva.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i det pedagogiske fagfeltet
  • har inngåande kunnskap om sentrale diskursar og tilnærmingsmåtar i vitskapsfilosofien

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdere grunnleggande forskingsetiske problem i system- og individretta studiar
  • kan kritisk vurdere og drøfte ulike vitskapsteoretiske retningar og syn
  • kan analysere og vurdere relevans i vitskaplege artiklar
  • kan utarbeide og grunngje design for eit forskingsprosjekt
  • kan presentere og utvikle metodiske tilnærmingar på bakgrunn av tilbakemeldingar frå medstudentar og faglærarar
  • kan bruke ulike kvantitative og kvalitative analyseverktøy, som til dømes statistikkprogramvare, tekstanalysemetodar, intervju og observasjon

Generell kompetanse

Studenten

  • skal ha evne til å analysere og drøfte vitskapsteoretiske og etiske perspektiv på forsking og vitskap
  • skal ha evne til å grunngje ulike metodiske val og tilnærmingar til forsking, og kunne delta i den vitskaplege diskursen innafor sitt fagfelt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga varierer mellom formidling av fagstoff og sentrale perspektiv i studiet, drøftingar av problemstillingar og case, og framlegg frå studentar og responsgrupper. Aktiv deltaking er ein føresetnad for læring i emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk deltaking på all undervisning, inkludert masteroppgåveseminar.
  • Gjennomføre litteraturreview.
  • Utprøving av minst eitt kvantitativt og eitt kvalitativt metodeinstrument (pilotering av metodar), inkludert kvantitative og kvalitative tekstanalysemetodar.
  • Munnleg framlegging for medstudentar og lærarar og respons til medstudentar.
  • Innlevering av prosjektplan for godkjenning til fastsett frist.
  • Rettleiing på litteraturreview og pilotering av metodar.

Vurderingsform

Individuell skriftleg oppgåve. Litteraturstudie/review knytt til eige fagfelt. Eit utval på ti vitskaplege artiklar (nasjonale og internasjonale) som utgjer ein review av sentrale kjelder til eige framtidig masteroppgåveprosjekt. Vekting 30%.

Individuell skriftleg heimeeksamen, 10 dagar. Vekting 70 %.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.