MASIKT-OPG Masteroppgåve
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Masteroppgåva skal vera eit sjølvstendig empirisk og vitskapeleg arbeid der studenten dokumenterer innsikt i forsking og utviklingsarbeid, relevant teori og metodar som er relevante for oppgåva si problemstilling. Med utgangspunkt i studenten sitt profilval skal emnet gi studenten høve til refleksjon over både eige og andre sitt arbeid, og til å formidla eigne forskingsresultat.
Masteroppgåva skal omfatta:
- fagleg og vitskapsteoretisk plassering av problemområde og problemstilling
- grunngjeving for teori- og metodeval
- gjennomføring av eit forskingsprosjekt i valt praksisfelt
- presentasjon, analyse og drøfting av resultat
Masteroppgåva skal utformast i samsvar med gjeldande reglar for masteroppgåver ved Høgskulen på Vestlandet. Sjølve oppgåva skal ikkje overstiga 80 A4-sider. Ved samarbeid skal oppgåva ikkje overstige 120 A4-sider. I tillegg kjem samandrag, forord, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
- Har kunnskap om sentrale retningar innanfor vitskapsteorien
- Har kunnskap om sentrale forskningsmetodar innanfor pedagogisk forsking
- Har innsikt i kva som er vitskapeleg kunnskap, og korleis denne vert utvikla
- Har praktisk og teoretisk kunnskap om fasane i eit forskingsprosjekt
- Har kunnskap om forskningsetikk
Ferdigheter:
- Kan velja relevant teori og utvikla eit forskingsdesign
- Kan formulera forskingsspørsmål og relatera desse til aktuelle metodar
- Kan bruka programvarer for analyse av kvalitative og kvantitative data
Generell kompetanse:
- Kan vurdera kvaliteten på eksisterande forskingslitteratur
- Kan planleggja, gjennomføra og evaluera eit avgrensa forskingsprosjekt
Krav til forkunnskapar
Gjennomført 1. år i masterstudiet og MASIKT-VIT
Tilrådde forkunnskapar
Gjennomført 1. år i masterstudiet og MASIKT-VIT
Undervisnings- og læringsformer
Masteroppgåva er eit sjølvstendig emne, nært knytt til tidlegare emne i studiet, og skal gjennomførast under rettleiing. Eigen rettleiingsavtale vert underskriven av student, rettleiar(ar) og studieleiar når tema for masteroppgåva er avklart. Studentane har sjølv ansvar for å søkja rettleiing etter avtalt plan. Det kan vera aktuelt at studentar knyter arbeidet med masteroppgåva til pågåande FoU-arbeid ved institusjonen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Oppmøte på obligatorisk undervisning og samling.
Vurderingsform
Skriftleg masteravhandling og munnleg presentasjon.
Masteroppgåva tel 70% og avsluttande presentasjon tel 30% av samla karakter.
Karakterskala: A-F.
Masteroppgåva skal ikkje overstiga 80 A4-sider. Ved samarbeid skal oppgåva ikkje overstige 120 A4-sider. I tillegg kjem samandrag, forord, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg. Ved samarbeid om masteroppgåva er det krav om dokumentasjon av kven som har utført ulike deler. Ved samarbeid skal det vere individuelle presentasjonar og munnlege høyringar.
Krav til formatering:
APA standard
Venstre- og høgremargar på 3 cm
Topp- og botnmargar på 2,5cm
Linjeavstand 1,5
Fontstorleik 12 i Times e.l.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle trykte og skrivne hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddel