MASIKT-VAD Vitskapleg arbeid, design og dokumentasjon
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Innhaldet er retta mot grunnleggande forskingsmetode, samt læringsteoriar knytt til bruk av IKT i undervisning og læring. Det vert lagt vekt på arbeid med akademiske tekstar i førebuing til eige forskingsarbeid. Dette skal føre fram til idéskisse og forskingsskisse som grunnlag for masteroppgåva. Dette er ein del av den teoretiske førebuinga til temaområdet for masterarbeidet i andre studieår.
Læringsutbytte
Studenten skal:
Kunnskapar:
- Ha oversikt over grunnleggande forskingsmetodar
- Ha kunnskap om analyse av akademiske tekstar i forhold til innhald, retorikk og argumentasjon
Ferdigheitar:
- Kunne analysere og bruke akademiske tekstar i eit forskingsarbeid
- Kunne utvikle eit forskingsspørsmål og problemstillingar som er relevante i forhold til eksisterande forsking og litteratur innan valte felt
Generell kompetanse:
- Kunne planlegge og utvikle eit forskingsdesign knytt til valt problemstilling og forskingsspørsmål
- Kunne vurdere argumentasjon i akademiske tekster
Krav til forkunnskapar
- Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MASIKT-DIG
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidet inneber nettmøte, samlingar, rettleiing, arbeid med nettbaserte ressursar og arbeid med mappeelement.
Obligatorisk læringsaktivitet
Møte på samlingar. Nærare presisert i semesterplan.
Vurderingsform
Mappevurdering (50%) Munnleg eksamen (50%)
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle skrivne og trykte hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddel