MGBNO101 Norsk 1, emne 1 - Begynnaropplæringa
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet utgjer dei første 15 sp av obligatorisk Norsk 1 på til saman 30 sp. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisstad for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
Norsk i begynnaropplæringa gir eit første grunnlag for norskundervisning på trinn 1-4. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den første lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som fyrste- og andrespråk. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har noko kunnskap om barns språkutvikling
- har kjennskap til språket som system og språket i bruk
- har brei kunnskap om den første lese- og skriveopplæringa
- har kunnskap om andrespråkselevars språksituasjon og kjennskap til den samiske språksituasjonen
- har kunnskap om lese-, skrive- og språkvanskar
- har kunnskap om tekstar for barn med vekt på kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
- har kunnskap om dokumentasjon, kartleggingsprøver og læringsressursar for trinn 1-4
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje grunnleggjande ferdigheiter for alle elevar
- kan bruke ulike arbeidsmåtar i den første lese og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar for barn i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
- kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
- kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
- kan vurdere ulike norskfaglege læringsressursar
- meistrar begge målformer skriftleg og kan lese tekstar på grannespråka
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for at elevane utviklar grunnleggande tekst- og språkferdigheiter
- har blikk for mangfaldet i elevgruppa og kan gjere greie for tilpassa fagdidaktiske val
- kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, meiningsfellar/dialogpartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det må derfor leggjast opp til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ei lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i klasserommet eller på ei digital læringsplattform, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper.
Studentane må rekna at delar av undervisninga er obligatoriske. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane har tre arbeidskrav i emnet. Studentane må syne skriftleg kompetanse i begge målformene, og munnleg kompetanse. Minst eitt av arbeidskrava skal handle om den første lese- og skriveopplæringa, eitt skal vere skriftleg og knytt til akademisk skriving og eitt skal dokumentere kjennskap til vitskapsteoretiske og metodiske problemstillingar. Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava.
Arbeidskrav vurderast som godkjent/ikkje godkjent.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 5 dagar.
Målform: Bokmål. Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.
Tid for ut- og innlevering av eksamen vert opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.
Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Godkjend ordbok eller ordliste.
Meir om hjelpemiddel