Hopp til innhald

MGUKØ201 Kroppsøving 1, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, eleven og tilpassa opplæring

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskolen, og må sjåast i samanheng med emne 1.

Emnet skal sjåast i samanheng med Kroppsøving 1, emne 1. Sentralt står vidare utvikling av undervisningskompetansen knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslige erfaringar. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal ein no i større grad kunne tilpassa undervisninga til den enkelte elev sine føresetnader, samt i større grad kunne vurdera elevenes læring og utvikling i kroppsøvingsfaget og kunne gje læringsfremjande tilbakemeldingar. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av eleven sin vekst og utvikling
  • har kunnskap om vurdering i kroppsøving
  • har kunnskap om kva som kan fremje bevegelsesglede for elevar på steg 5-10
  • har kritisk kunnskap om kroppen som uttrykk og symbol i samfunn, media og kultur.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leggje til rette for læringsarbeid som fremjar glede i leik og varierte bevegelsesaktivitetar, på ulike arenaer og i nærmiljøet.
  • kan gjennomføra skapande undervising der bevegelseserfaring, glede og refleksjon er sentralt
  • kan vurdera elevens kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
  • kan vurdera elevens måloppnåing, planlegga og grunngje vurderingane og leggje til rette for elevens eigenvurdering
  • kan på fagets premissar inkludere dei grunnleggjande ferdigheitene i undervisinga
  • kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskaper innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervising i kroppsøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving
  • kan bidra til å sjå kroppsøving og bevegelsesaktivitet i tverrfaglege perspektiv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og profesjonsretta arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil være førelesingar, praktiske øktar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleiker.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane.
  • Delta på turar/ekskursjonar 
  • Fag 1: Demonstrasjon av eit undervisningsopplegg der det blir brukt digitale verktøy (individuelt eller i gruppe). Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling på profesjonsdag.

Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Ein praktisk eksamen der studenten skal planlegga, gjennomføra og deretter reflektera over eit undervisingsopplegg.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel