Hopp til innhald

MGUKØ503 Kroppsøving 3, emne 3 - Teori og forsking i kroppsøving og profesjonsutvikling

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet inneber fordjuping innan utvalde tema og problemstillingar relevante for å utvikla studenten som sjølvstendig profesjonsutøvar og bidragsytar til kroppsøvingsfagleg forsking og utvikling. 

Emnet kan settast saman på ulike måtar ut frå tema og problemstillingar som er sentrale for å forstå og utvikla lærarprofesjonalitet og kroppsøving som fag. Sentralt er å setja studentane sjølve istand til å utvikla kunnskapar om lærarpraksis, undervising, inkludering og læring i kroppsøving og korleis teori, forsking og utviklingsarbeid bidreg til denne kunnskapen. 

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngående forståelse om sjølvalgte tema og problemstillingar i kroppsøvingsfaget
  • har innsikt i utviklingen av sin rolle som profesjonell yrkesutøvar
  • har inngåande kunnskap om lærarprofesjon i forhold til sjølvalgt tema og problemstilling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysera kroppsøvingsfaglege problemstillingar basert på kunnskap om kroppsøvingsfagets eigenart, verdigrunnlag, historie og gjeldande læreplanar 
  • kan planlegga, gjennomføra og vurdera utforskande undervising i kroppsøving med tanke på fagleg og pedagogisk utvikling 
  • kan bruka ulike teoretiske perspektiv i analyse av kroppsøving, lærarpraksis og utvikling av profesjonsidentitet og profesjonsfellesskap
  • kan anvende nasjonal og internasjonal forskning med tanke på fagleg utvikling knytt til eige prosjekt 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bidra til profesjonsutvikling og til utvikling av fagleg fellesskap på den enkelte skule
  • kan bidra til forsking og  utviklingsarbeid som fremmar fagleg og pedagogisk nytenking i kroppsøving

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kroppsøving 60 studiepoeng i syklus 1 gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til. 

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Skrive eit pedagogisk credo med refleksjonar knytt til lærerprofesjonalitet.

Arbeidskrav vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Godkjent arbeidskrav er gyldig i dei to følgjande semestra etter godkjenninga.

Vurderingsform

Del 1: Prosjektskisse for masterprosjekt. Tel 33 % av endeleg karakter.

Del 2: Fagessay (over gitt eller sjølvvald problemstilling), 2500 ord (+/- 10 %). Tel 66 % av endeleg karakter.

Karakter: Bestått/Ikkje bestått.

Begge delane må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått takast opp att åleine.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel