MGUMU301 Musikk 2, emne 1 - Musikalske møte i og utanfor klasserommet
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Musikk 2 emne 1 kan erstattast med utvekslingsopphold av tilsvarande omfang. Emnet er ope for innreisande studentar.
Sentrale tema i emnet vil vere kulturelt og musikalsk fellesskap, læring og ulike former for samarbeid og samspel på formelle og uformelle arenaer. Studentane skal utvikle sine musikalske og fagdidaktiske ferdigheiter gjennom å arbeide med song og spel, musikalsk leiing, og praktisk og teoretisk musikkdidaktikk for grunnskolefaget musikk.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har omfattande kunnskap om musikalsk ungdomskultur, media og teknologi og om forholdet mellom formell og uformell læring i musikk
- har kunnskap om mangfaldige og inkluderande fellesskap for musikalsk læring
- har kunnskap om forholdet mellom musikk og emosjonelle og sosiale kompetansar og mellom musikk og vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, leie, gjennomføre og vurdere ulike praktiske og tilpassa læringsløp i musikk
- kan drøfte kva rolle uformelle opplæringsarenaer har i grunnskulens musikk- og danseopplæring
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere ei heilskapleg musikkopplæring og drøfte korleis samarbeid med ulike eksterne instansar kan styrke læringsløp i musikk
- kan legge til rette for elevvurdering som bygger på faglege omsyn og forskingsbasert kunnskap om vurdering, og kommunisere grunnlaget for vurderinga til elevar og andre
Krav til forkunnskapar
Musikk 1, emne 1 og 2
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, praktisk undervising i små grupper og i heilklasse, gruppearbeid, skulebesøk og litteraturstudier. Observasjon av, deltaking i og refleksjon rundt musikkpraksiser i og utanfor skulen.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatoriske læringsaktivitetar: Studentane må rekna at delar av undervisninga er obligatoriske. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte i disse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.
- Ei praktisk og ei skriftleg oppgåve. Ei av oppgåvene skal handle om profesjonsfagleg digital kompetanse i eit samfunnsperspektiv
Arbeidskrav vurderast med godkjent/ikkje godkjent. Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.
Vurderingsform
Praktisk eksamen.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Nødvendig musikkutstyr.
Meir om hjelpemiddel