MGUNO501 Norsk 3, emne 1 - Litteratur og litteraturdidaktikk
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Dette er eitt av fire masteremne i norsk. Det er plassert om hausten fjerde året. Emnet er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10. For GLU 1-7 er også begynnaropplæring relevant. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
Emnet gir studenten inngåande og avansert kunnskap om litteraturvitskap, litteraturdidaktikk og vitskapsteori og metode knytt til litteratuvitskapeleg emne. Studenten får innsikt i nyare forsking om litterære emne, og i korleis denne kunnskapen kan brukast i profesjonsutøvinga.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande innsikt i teori om estetikk, litteraturdidaktikk og litteraturvitskap
- har avansert kunnskap om munnlege, skriftlege og multimodale teksttypar i ulike medium frå fortid og samtid
- har inngåande kunnskap om tekstanalyse, tekstskaping og formidling
- har spesialisert kunnskap om medieestetiske uttrykksformer
- har inngåande kunnskap om vitskapsteori og metode med relevans for det litteraturdidaktiske feltet og for profesjonsutøvinga av faget
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere og kritisk vurdere døme på nasjonal og internasjonal litteraturforsking og tilhøyrande forskingstradisjonar og kan nytte denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
- kan planleggje, tilpasse og gjennomføre undervising i litteratur som kan fremje den vitskaplege tenkjemåten og litterære kompetansen til eleven
- kan formidle tekstar i ulike uttrykksformer på varierte og sjølvstendige måtar
- kan utvikle og vurdere læringsressursar i litteraturundervisninga, og gje fagleg grunngjeven undervisning i litteratur til alle elevar, inkludert elevar som har norsk som andrespråk
Generell kompetanse
Studenten
- kan vere ein ressurs i faglege samanhengar i spørsmål om litteratur og litteraturundervisning
- kan utdjupe og konkretisere norskfaget sin eigenart som kultur- og danningsfag
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistre fagområdets uttrykksformer
Krav til forkunnskapar
.
Tilrådde forkunnskapar
Norsk 1 og 2 (60 sp) i syklus 1 eller tilgrensande.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsformene er varierte. Dei kan vere førelesingar, fagseminar, gruppearbeid i større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Arbeidsformene stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og ei aktiv tilnærming til problemstillingane studentane vert presenterte for. Ein forventar at studentane organiserer kollokviegrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Gjennomføre ein performativ presentasjon av litterær tekst for ei nærmare definert målgruppe
- Skrive eit samandrag av ein litteraturteoretisk tekst frå pensum og reflektere over korleis det teoretiske og metodiske perspektivet kan knytast til eit didaktisk arbeid med ein litterær tekst
Språk: norsk. Arbeidskrav 2 skal skrivast på motsett skriftspråk av heimeeksamen.
Presisering av formelle krav vert delte ut ved semesterstart.
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent eit obligatorisk arbeidskrav får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfølgjande semesteret etter godkjenninga
Vurderingsform
Heimeeksamen, 5 dagar.
Studentane skal skrive ein teoretisk drøftande fagartikkel knytt til ein litterær tekst.
Språk: norsk, det skriftspråket ein ikkje har nytta i arbeidskrav 2.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel