MGUPØ401 Profesjonsemne 4
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Profesjonsundervisninga i GLU 5-10 består av eitt emne som skal dekke ulike fagovergripande tema pr. studieår. Denne emneplanen omhandlar profesjonsundervisninga i 4. studieår.
Fagovergripande tema 4. studieår:
- Psykososialt læringsmiljø
- Vold og overgrep
Læringsutbytte
Om fagovergripende tema henta frå studieprogramplanen:
Psykososialt læringsmiljø
Utdanninga skal sikre at studenten får den ferdigheita, kunnskapen og kompetansen som ein lærar må ha for å skape eit trygt psykososialt læringsmiljø og førebygge og handtere krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering. Utdanninga må gi studenten kunnskap og kompetanse til å møte ulike likestillingsutfordringar i skulen. Studenten skal kunne utøve eit normkritisk perspektiv og ha auge for elevane si psykiske helse og psykososiale risikofaktorar i skulekvardagen. På bakgrunn av faglege vurderingar skal studenten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak og kunne etablere samarbeid med relevante faginstansar. Psykososialt læringsmiljø kan sjåast i samanheng med tema i plan for praksis 2. studieår "Læraren i møte med elevmangfald" og "Tilpassa opplæring" i PEL 2. studieår.
Vold og overgrep
Utdanninga skal sikre at studenten har kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar inkludert vald og seksuelle overgrep mot barn. Studenten skal ha kunnskap om og kunne identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep og kjenne til korleis nødvendige tiltak skal setjast i verk. Tema skal også koplast til praksis.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga skjer klassevis, digitalt og i større grupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
80% frammøte til undervisninga.
Vurderingsform
Det er ingen vurdering i emnet.