Hopp til innhald

MGUPE301 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 3 - Den profesjonelle lærar

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gje studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.

Pedagogikk og elevkunnskap har eit overordna ansvar for at studentane utviklar ein læraridentitet som kviler på sentrale profesjonsetiske prinsipp. I emnet "den profesjonelle lærar" er hovedfokuset på studentane si utvikling av lærarprofesjonalitet. Studentane skal vidareutvikle sin didaktiske kompetanse på ulike nivå, med hovudfokus på organisasjons- og institusjonsnivået. Med kunnskap frå skulehistorie og kjennskap til samfunnsmandatet, skal studentane få kunnskapar og ferdigheiter til å utvikle framtidas skule. I eit samfunn som stadig er i endring, krev dette at studentane får ein utviklings- og endringskompetanse, og utviklar evne til nytenkning og innovasjon. Dette er det tredje av fire emne i PEL. 

Tema:

  • Profesjonell utvikling
  • Skulen som lærande organisasjon
  • Læreplan og kritisk analyse av skulen sitt mandat og oppgåve
  • Skulehistorie
  • Skulen i lokalsamfunnet

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskapar om skulehistorie
  • har inngåande kunnskapar om fellesskapet sin betydning for elevane sine læringsprosessar
  • har inngåande kunnskapar om skulen som lærande organisasjon og skuleutvikling
  • har kunnskapar om samhandling mellom skule og lokalsamfunn
  • har kunnskapar om forskingsbaserte utviklings- og endringsprosessar i skulen og vurdering av desse.

Ferdigheiter

  • kan bruke forskingsbasert kunnskap til å analysere og setje i verk tiltak for å fremje eit godt psykososialt læringsmiljø.
  • kan leggje til rette for samhandling i klassar og grupper på 5-10.trinn og i ettertid kritisk analysere aktiviteten
  • kan kritisk analysere læreplanar og styringsdokument

Generell kompetanse

  • kan bruke forskingsbasert kunnskap om læring og motivasjon til å styrke elevane sine læringsprosessar
  • kan kritisk analysere og delta i samfunnsdebattar om utdanningspolitikk  

Krav til forkunnskapar

MGUPE201

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli brukt varierte arbeidsformer i undervisninga, som seminar, forelesingar, øvingar, både individuelt og i grupper, praksisforteljingar og andre munnlege og skriftlege oppgåver. Det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt i undervisninga og at dei arbeider med lærestoffet på eiga hand. Refleksjon over teori og praksis er sentralt i utviklinga av ein profesjonell yrkeskompetanse.

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfylgjande semesteret etter godkjenninga.

  • Det er obligatorisk oppmøte i seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper. Fraværsgrense er 20%
  • 2 skriftleg arbeidskrav og 1 munnleg

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til Profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK) i skoleutvikling og ledelse.

Nærare retningslinjer vil vere klare til semesterstart.

Vurderingsform

Skriftleg 3 dagars heimeeksamen.

Karakterskala A- F, der F tilsvarar ikkje bestått

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel