MGUPØ301 Profesjonsemne 3
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Profesjonsundervisninga i GLU består av eitt emne som skal dekke ulike fagovergripande tema pr. studieår. Denne emneplanen omhandlar profesjonsundervisninga i 3. studieår.
Fagovergripande tema 3. studieår:
- Berekraft
- Danning og profesjon
- Estetiske læreprosessar
Læringsutbytte
Om fagovergripende tema henta frå studieprogramplanen:
Berekraft
Utdanninga skal kvalifisere studenten til å ta hand om utdanning for berekraftig utvikling som eit tverrfagleg tema. Utdanninga skal gi forskingsbasert kunnskap om klima, miljø og utvikling og kompetanse i å støtte elevane si læring om, haldning til og handling for ei berekraftig utvikling. Å ta miljøbevisste val er å ta eit aktivt ansvar for fellesskapet og framtida på kloden.
Estetiske læreprosessar
Studenten skal øve opp kreativitet, evne til å skape, samhandle, reflektere og kommunisere. Dette skal dei blant anna gjere ved hjelp av estetiske verkemiddel og verktøy. Gjennom grunnskulelærarutdanninga skal studenten sjølv få erfaring med estetiske læreprosessar saman med medstudentar og elevar. Studenten skal kunne legge til rette for elevane si kreative læring gjennom ulike estetiske uttrykk, formidling og framføringar som er med på å utvikle sjølvkjensle og identitet hos elevane.
Det flerkulturelle samfunnet
Det fleirkulturelle samfunnet stiller krav til læraren sin kompetanse om mangfald og interkulturell forståing. Internasjonalisering av samfunns- og arbeidsliv føreset språk- og kulturkunnskap og internasjonale erfaringar. Studenten må ha kunnskap om og forståing av det fleirkulturelle samfunnet. Det inneber mellom anna å vere merksam på kulturelle forskjellar og å kunne bruke desse som ein positiv ressurs. Etnisk, kulturelt og religiøst mangfald er ein del av skulekvardagen i dei fleste norske skular. Kunnskap om menneskerettane og om urfolk sine rettar er sentralt i denne samanhengen. Lærarutdanninga skal fremje internasjonalt samarbeid og solidaritet for å oppnå berekraftig utvikling og sosial utjamning.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga skjer klassevis, digitalt og i større grupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
80% frammøte til undervisninga.
Vurderingsform
Det er ingen vurdering i emnet.