Hopp til innhald

MIDR502 Bevegelse, læring og folkehelse

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet søker tverrfagleg kunnskap om fysisk aktivitet og læring av bevegelse i kvardagsliv, idrett, kroppsøving og friluftsliv. Det tek opp fleire problemstillingar, omgrep, teoriar og praktiske døme som går ut frå tre hovudspørsmål:

  • Kva betyr det å vere og å lære i bevegelse?
  • Kvifor vere fysisk aktiv?
  • Korleis kan kunnskap om fysisk aktivitet og læring av bevegelse letta arbeidet med å fremje gode aktivitetsvanar i idrett og samfunn?

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskapar om korleis ein kan studere og definere bevegelse frå subjektive og objektive perspektiv
  • kan grunngje betydinga av idrett og fysisk aktivitet for individ og samfunn frå natur- og samfunnsvitskaplege tilnærmingar
  • kan vurdere forholdet mellom teoretisk og praktisk kunnskap i tilknyting til fysisk aktivitet og kroppsleg læring
  • har inngåande kunnskapar om kroppen som eit heilskapleg system
  • har inngåande kunnskapar om korleis bevegelse varierer i ulike kontekstar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og vurdere vitskapleg arbeid og andre informasjonskjelder relevante til bevegelse, læring og folkehelse
  • kan bruke ulike målemetodar og evalueringsformer av fysisk aktivitet
  • kan bruke kunnskap om korleis læring av bevegelse kan virke saman med utfordringar i folkehelsa for å skape gode aktivitetsvanar i samfunnet

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere om sentrale problemstillingar frå lærings- og folkehelsefeltet med både spesialistar og allmenta
  • kan sjå samanhengar i emnet og på bakgrunn av dette utvikle eigne spørsmål og hypotesar om fysisk aktivitet og læring av bevegelse

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt fordjupingsarbeid. Det blir lagt opp til to-tre  plenumssamlingar i veka, dels med førelesing og dels med studentframlegging. Studentane får framleggings- og innleveringsoppgåver gjennom emnet som skal stimulere til studentaktiv læring. Obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt oversikt over ved studiestart.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har tre arbeidskrav:

(1) Aktiv deltaking på obligatoriske seminar der studentane legg fram og drøftar fagartiklar, arbeider i testlaboratorium eller sal og fungerer som fagfelle på medstudenttekst

(2) Ei individuelt skriftleg innlevering over sjølvvalt og godkjent problemstilling (8-10 sider)

(3) Ein presentasjon i gruppe over eit oppgitt tema (20 min. presentasjon med diskusjon etterpå)

Vurderingsform

Heimeeksamen: Individuell skriftleg eksamen. Tid: 14 dagar

Arbeidet vert vurdert med gradert karakter A-F.