MIDR503 Prosjektplan
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Det vil bli gitt ei innføring i kva element som skal inngå i ein prosjektplan. Studentane vil få innføring i bruk av databasar (t.d: PubMed, ISI, Bibsys), samt innføring i søknadar til sentrale myndigheiter (t.d: Regionale komitear for forskingsetikk). Det vil vere fokus på å førebu studentane på å skrive masteroppgåve.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- kan vurdere behovet for å søke sentrale myndigheiter om godkjenning av eit forskingsprosjekt ut frå prosjektets problemstillingar og metoder
- har inngående kunnskap om val av forskingsmetode for ulike problemstillingar og hypotesar
Ferdigheiter
Studenten
- kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
- kan utforme ein vitskapleg prosjektplan
- kan søke systematisk i vitskaplege databaser
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere etiske problemstillingar knytt til idrett som forskingsfelt
- kan planlegge eit større forskings- og utviklingsprosjekt
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen
Undervisnings- og læringsformer
Veksling mellom førelesingar og studentaktive læringsformer. Det vil bli teke utgangspunkt i eige masterprosjekt. Obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt oversikt over ved studiestart.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er tre arbeidskrav:
1) Innlevering av preliminær problemstilling
2) Deltaking på Work-In-Progress seminar som inkluderar at studenten legg fram sin prosjektplan til medstudentar
3) Innlevering av eit undervegs-utkast til prosjektplan
Vurderingsform
Prosjektplan vurdert til bestått/ikkje bestått