Hopp til innhald

MIDR504 Fysisk aktivitet og folkehelse

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet vil primært rette seg mot studentar som vil arbeide med oppgåver innanfor fysisk aktivitet og folkehelse med følgjande hovudområde:

Utforske korleis fysisk aktivitet kan brukast til å førebygge og fremja den fysiske og psykiske folkehelsa

Det er åtte temaer i emnet:

  • Fysisk aktivitet og folkehelseoversikt
  • Fysisk aktivitet og folkehelsearbeid
  • Fysisk aktivitet og metabolske lidingar
  • Helse som subjektivt fenomen
  • Fysisk aktivitet og målemetodar
  • Fysisk aktivitet og muskel- skjelettlidingar
  • Fysisk aktivitet, kreft og lungelidingar
  • Fysisk aktivitet og psykisk helse

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om helse og korleis helse fordeler seg i befolkninga, samt kunne gjere greie for endringar i helseåtferd over tid
  • har avansert kunnskap om årsaker til sentrale livsstilssjukdomar som lettare og moderate psykiske lidingar, muskel- og skjelettlidingar, kreft, overvekt, metabolsk syndrom, diabetes og hjarte- og karsjukdom
  • har inngåande kunnskap om korleis fysisk aktivitet og friluftsliv kan brukast for å fremme helse, samt førebygge og behandle sentrale livsstilssjukdomar
  • har avansert kunnskap om effekten av ulike styrketreningsmetodar og deira moglegheiter for å fremme folkehelse, førebygge og behandle muskel- og skjelettlidingar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke relevante målemetodar og evalueringsformer som nyttast innanfor feltet fysisk aktivitet og helse, og vurdere styrkar og svakheiter ved desse
  • kan formidle kunnskap om samanhengen mellom fysisk aktivitet og sentrale livsstilssjukdomar og kan gjere greie for sentrale fysiologiske mekanismar som ligg til grunn for denne samanhengen

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk analysere og presentere resultat frå sentrale epidemiologiske og eksperimentelle studium på feltet fysisk aktivitet og folkehelse
  • kan kommunisere faglige problemstillinger innen fysisk aktivitet og helse og arbeide pedagogisk for å fremme helse

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt fordjupingsarbeid. Det blir lagt opp til to-tre plenumssamlingar i veka, dels med førelesing og dels med obligatoriske studentpresentasjonar. Studentane får framleggings- og innleveringsoppgåver gjennom emnet som skal stimulera til studentaktiv læring. Obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt oversikt over ved studiestart.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er knytt arbeidskrav til kvart tema i emnet:

  • tre individuelle skriftlege arbeidskrav med eit omfang på 1000-2000 ord
  • fem seminar med gruppeframlegg og plenumsdiskusjon om utdelte oppgåver

På dei individuelle skriftlege arbeidskrava får studenten skriftleg individuell tilbakemelding, medan det på seminara vert gjeve munnleg tilbakemelding i plenum.

Vurderingsform

Heimeksamen. Individuell skriftleg eksamen der studenten vel ein av to eller fleire definerte oppgåver.  Tid: 10 dagar. Arbeidet vert vurdert med gradert karakter A-F.