MIDR505 Læring i idrett, kroppsøving og friluftsliv
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet tek opp eit utval tema og problemstillingar som er sentrale for læring i idrett, kroppsøving og friluftsliv. Det har som hovudmål å gi studentane inngåande kunnskapar om læring og utvikling frå ulike perspektiv.
Det er åtte tema i emnet:
- Læringsperspektiv og modellar
- Kroppens språk
- Fenomenologisk pedagogikk og kroppsøving
- Læring i friluftsliv
- Trenarskap, aktivitet og læring
- Utvikling av god praksisteori
- Danning og bevegelse
- Kunnskapsdeling, teknologi og viljestyrke
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten:
- har inngåande kunnskapar om perspektiv på danning, læring og utvikling av ferdighetar
- har inngåande kunnskapar om miljøets betyding for korleis individ og grupper lærer og utvikles
- har inngåande kunnskapar om forholdet mellom undervisning og læring, og på bakgrunn av dette kunne bruke fagdidaktisk kunnskap i konkrete læringssituasjonar som trenar eller lærar
- har inngåande kunnskap om pedagogiske teoriar og didaktiske arbeidsmetodar som er sentrale for undervisnings- og læringsprosessar i idrett, kroppsøving og friluftsliv
Ferdigheiter
Studenten:
- kan analysere og reflektere over betydinga av leik og bevegelsesaktivitetars eigenart i eit danningsperspektiv
- kan analysere og reflektere over læringsteoretiske ståstadar og korleis teoriane kan nyttast i relasjon til forskings- og utviklingsarbeid
- kan analysere og reflektere over leiarskapets betyding for sosiale læringsprosessar
- kan analysere og forholda seg kritisk til vitskaplege arbeid og andre informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
Generell kompetanse
Studenten:
- kan kommunisere med både spesialistar og allmenta om problemstillingar, perspektiv, analysar og konklusjonar knytt til læringsprosessar i idrett, kroppsøving og friluftsliv
- kan bruke innsikt om læringsprosessar i idrett, kroppsøving og friluftsliv for å endra atferd, vanar og praksisfellesskap
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt fordjupingsarbeid. Det blir lagt opp til to-tre plenumssamlingar i veka, dels med førelesing og dels med obligatoriske studentpresentasjonar. Studentane får framleggings- og innleveringsoppgåver gjennom emnet som skal stimulera til studentaktiv læring. Obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt oversikt over ved studiestart.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er knytt arbeidskrav til kvart tema i emnet:
- tre individuelle skriftlege arbeidskrav med eit omfang på 1000-2000 ord
- fem seminar med gruppeframlegg og plenumsdiskusjon om utdelte oppgåver
På dei individuelle skriftlege arbeidskrava får studenten skriftleg individuell tilbakemelding, medan det på seminara vert gjeve munnleg tilbakemelding i plenum.
Vurderingsform
Heimeeksamen. Individuell skriftleg eksamen der studenten vel ein av to eller fleire definerte oppgåver. Tid: 10 dagar.
Arbeidet vert vurdert med gradert karakter A-F, der F svarar til Ikkje bestått.