Hopp til innhald

MS1-320 Folkehelse og helsefremming

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet tek for seg ulike perspektiv på folkehelse og helsefremmande arbeid.  Det vert fokusert på  kunnskap om folkehelsevitskapen, den internasjonale, nasjonale og lokale folkehelsepolitikken og det befolkningsretta folkehelsearbeidet.  Vidare vert det  fokusert på strukturelle faktorar som har innverknad på folkehelsa og forsking om folkehelse og helsefremmande arbeid. Emnet vektlegg øving i å analysere folkehelseutfordringar på samfunns-, gruppe-, familie- og individnivå,  stille kritiske spørsmål om folkehelsearbeid, identifisere dilemma innan dette arbeidet, utarbeide relevante forskingsproblemstillingar og stille kritiske spørsmål til forsking om folkehelse og helsefremmande arbeid.  

Læringsutbytte

Kunnskapar 

Studenten har 

  • inngåande kunnskap om ulike perspektiv på helse, funksjonsevne og sosial situasjon. 
  • inngåande kunnskap om ulike velferdsmodellar.  
  • inngåande kunnskap om ulike perspektiv, tilnærmingar og verkemiddel knytt til  folkehelse og helsefremmande arbeid på system-, gruppe og individnivå.   
  • avansert kunnskap om helsefremmande faktorar på individ-, gruppe- og samfunnsnivå og samspelet mellom dei.   
  • avansert kunnskap om salutogene teoriar og relevant salutogenese forsking.   

Ferdigheiter  Studenten kan  

  • identifisere og diskutere ulike perspektiv på helse, funksjonsevne og sosial situasjon. 
  • iverksette helsefremmande og førebyggande  tiltak på individ og gruppenivå. 
  • analysere sentrale politiske, økonomiske  og juridiske føringar  for  folkehelsearbeidet  i offentleg verksemd og det sivile samfunn. 
  • gjera pedagogiske og etiske vurderingar ved å arbeide ut i frå helsefremmande orientering i folkehelsearbeid.  
  • kritisk vurdere føresetnadar og tilnærmingar til samhandling i folkehelsearbeidet og drøfte sentrale problemstillingar innan folkehelse, helsefremmande arbeid og samhandling. 

  Generell kompetanse  Studenten kan  

  • kritisk reflektere over strategiar, mål og verkemiddel knytt til folkehelse og helsefremmande arbeid. 
  • iversette folkehelse- og helsefremmande arbeid for å fremme sosial likskap. 
  • kritisk vurdere  bruk av salutogenese i praktisk helsefremmande arbeid og forsking. 
  • bruke vitskapleg litteratur om folkehelse og helsefremmande arbeid for å belyse ei fagrelevant problemstilling. 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og sjølvstudium 

Seminar med framlegg og diskusjon.   

Obligatorisk læringsaktivitet

Ei individuell innleveringsoppgåve med obligatorisk munnleg framlegg, medstudent respons og tilbakemelding frå lærar.  

Omfang 2000 ord +/-10%. 

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen over  7 dagar. Omfang 3000 ord +/- 10%