MT500 Fysisk aktivitet og naturopplevingar som omsorg
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet har tre samlingar à fire dagar med ulike arbeidsoppgåver mellom samlingane. Innhald i emnet er:
- Teoriar om salutogenese
- Teoriar om rehabilitering og folkehelse.
- Ulike perspektiv på menneske med nedsett funksjonsevne
- Relasjon
- Fysisk aktivitet og naturopplevingar
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten ha:
Kunnskap om:
- teoriar om omsorg, aktivitet og helse med utgangspunkt i salutogenese
- teoriar om rehabilitering og folkehelse
- samanhengar mellom fysisk aktivitet, naturopplevingar og helse
- ulike perspektiv på menneske med nedsett funksjonsevne
- relasjonelle faktorar
Ferdigheiter i å:
- kunne analysere og arbeide sjølvstendig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar om helsefremjande faktorar.
Generell kompetanse:
- kunne anvende teoriar om helsefremjande faktorar og analysere og arbeide sjølvstendig med problemløysing på grunnlag av desse teoriane.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, aktivitetar, arbeid i grupper og seminar med rettleiing. Skriftlege førebuingar mellom samlingane, etterfølgt av munnlege presentasjonar (relevane metodar som førebuing til sluttvurdering). Canvas vert nytta som elektronisk læringssystem.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere vurdert som godkjent for å framstille seg til eksamen.
1. Minimum 80 % deltaking i samlingane.
2. Ei skriftleg oppgåve. Omfang er 1600 ord +/- 10%. Studenten får ei rettleiing på oppgåva.
Vurderingsform
Individuell skriftleg heimeeksamen over 9 dagar. Omfang er 3000 ord +/-10%.
Vurderingsutrykk A - F der F er ikkje greidd
Ny eksamen
Om kandidaten får ikkje greidd på eksamen eller vil forbetre karakter - må heile eksamen takast opp att, og ny oppgåve løysast.