MT501 Fysisk aktive deltakarar
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet har tre samlingar à fire dagar med ulike arbeidsoppgåver mellom samlingane. Innhald i emnet er:
- Teoretiske og praktiske tilnærmingar til prosjekt som medverkar til fysisk aktive deltakarar
- Motivasjon, meistring og myndiggjering som utgangspunkt for helsearbeid
- Etisk refleksjon knytt til praksis
Læringsutbytte
Studenten skal:
Kunnskap
- ha og ta i bruk inngåande kunnskap om kroppen som levd erfaring
- ha og ta i bruk inngåande kunnskap om fysisk aktivitet og friluftsliv
- ha og ta i bruk kunnskap om kroppsbevissthet som utganspunkt for endring av bevegelse og pust
Ferdigheiter
- kunne planleggje og setje i verk tiltak som stimulerer til fysisk aktivitet og friluftsliv
Kompetanse
- kunne reflektere fagleg og etisk med utgangspunkt i eigen praksis, og med omsyn til brukarperspektivet
Krav til forkunnskapar
Opptakskrav
Det generelle kravet for å bli tatt opp til vidareutdanninga er treårig utdanning på høgskulenivå.
- Bachelorgrad, eller tilsvarande, i helse-, sosial-, eller idrettsfag.
- Allmennlærarutdanning eller førskulelærar
- Andre med minimum tre års høgare utdanning, eller tilsvarande, med relevant fagsamansetning og eit større skriftleg fordjupingsoppgåve, kan etter vurdering bli tatt opp.
Tilrådde forkunnskapar
Opptakskrav
Det generelle kravet for å bli tatt opp til vidareutdanninga er treårig utdanning på høgskulenivå.
- Bachelorgrad, eller tilsvarande, i helse-, sosial-, eller idrettsfag.
- Allmennlærarutdanning eller førskulelærar
- Andre med minimum tre års høgare utdanning, eller tilsvarande, med relevant fagsamansetning og eit større skriftleg fordjupingsoppgåve, kan etter vurdering bli tatt opp.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, aktivitetar, gruppearbeid med planlegging, gjennomføring/leiing av prosjekt som dannar grunnlag for sluttvurderinga. Canvas vert nytta som elektronisk læringssystem.
Obligatorisk læringsaktivitet
Fylgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for studenten kan framstille seg til eksamen:
1: Minimum 80 % deltaking ved kvar samlingsveke
2: Prosjektarbeid som fører fram til sluttvurdering:Planlegging, presentasjon av prosjektplan og gjennomføring. To timar obligatorisk rettleiing på prosjekt og prosjektrapport.
Vurderingsform
Prosjektrapport på 5000 ord,+/- 10%
Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre studentar. Sidetalet aukar med 20% per person i gruppa.
Vurderingsutrykk A -F der F er ikkje greidd vurdering.
Ny eksamen
Ved stryk på oppgåva skal opphavleg oppgåve omarbeidast. Ved stryk andre gong skal det leverast ei ny oppgåve med ny problemstilling.
Forsøk på forbetring av karakter: Heile emnet må takast opp att.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler
Meir om hjelpemiddel