Hopp til innhald

NYB801 Nyskaping og berekraft

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

I dei nye læreplanane som blei innført hausten 2020 er berekraftig utvikling eit av tre tverrfaglege tema samstundes som det er eit auka fokus på at elevane skal få skape og utforske. Dette emnet vil gje ein introduksjon til måtar å jobbe med berekraft som tverrfagleg tema i skulen med fokus på Ungt Entreprenørskap og utforskande undervisning. Nyskaping og kreative prosessar vil inngå som ein viktig del av emnet og vil mellom anna bli introdusert i praksis gjennom Ungt Entreprenørskap sine program. Studentane skal i løpet av emnet få betre forståing for omgrep knytt til entreprenørskap, verdiskaping og berekraft samt utvikle samarbeid med næringsliv i eige lokalmiljø.

Læringsutbytte

Studenten skal etter opplæringa ha kunnskap om:

  • sentrale omgrep innan entreprenørskap, verdiskaping, berekraft, innovasjon og kreativitet
  • tverrfaglege aspekt ved berekraftig utvikling og FN sine berekraftmål
  • bruk av Ungt Entreprenørskap og næringsliv i eige lokalmiljø til undervising i berekraftig utvikling
  • korleis ein kan stimulere elevane si utforsking gjennom praktisk arbeid

 

Studenten skal ha ferdigheiter i å:

  • legge til rette for entreprenørielle læringsformer
  • bruke Ungt Entreprenørskap sine program til å arbeide tverrfagleg med berekraft
  • bruke elevaktiv læring i arbeid med berekraftig utvikling
  • gjennomføre kreative prosessar i eigen undervisningspraksis

 

Studenten skal ha generell kompetanse i å:

  • gjennomføre undervisning i bærekraftig utvikling i samsvar med gjeldande læreplan
  • bidra til skapande og utforskande prosessar i undervisning
  • utvikle samarbeid med lokalt næringsliv til bruk i undervisning
  • bidra til tverrfagleg fornying og utvikling av fagfeltet gjennom å dela erfaringar i faglege nettverk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil vera samlingsbasert. Det er lagt opp til 2 fysiske samlingar som går over 2 dagar. Mellom samlingane vil det vera kortare økter med digital undervisning. I undervisninga vil det bli nytta varierte arbeidsformer som førelesing, gruppeoppgåver, gjesteførelesingar, individuelle innleveringar, refleksjonar og individuell rettleiing. Undervisninga vil ha fokus på praktisk arbeid og kreative arbeidsprosessar.

Oppstart med digital undervisning 9. februar 2021, kl. 17 - 20.00, med forbehold om endring.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatoriske læringsaktivitetar på samlingane
  • Gjennomføre innovasjonscamp i samarbeid med Ungt Entreprenørskap med fokus på berekraft
  • Planlegge utforskande undervisning og knytte det opp mot berekraft og lokalt næringsliv
  • Digital dokumentasjon av samarbeid med lokalt næringsliv der studenten reflekterer over eiga læring og korleis ein vil bruke dette vidare

Semesterplanen vil gje nærare retningslinjer for arbeidskrava. Arbeidskrav må vera gjennomførte til fastsette fristar og godkjend før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 3 dagar.

Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel