Hopp til innhald

PL413 Miljø- og forvaltningsrett

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Hovuddelen av dette emnet tek føre seg sentrale lover og verkemiddel i norsk miljø- og naturforvaltning, samt overordna prinsipp og bakgrunn for forvaltning av miljø og natur. Om lag 1/4 av emnet er ei grunnleggjande innføring i offentleg forvaltning retta mot forvaltningslova og offentleglova. 

Det vert lagt vekt på ei praktisk og yrkesretta tilnærming til stoffet. Studentane får innsikt i den praktiske kvardagen i deler av forvaltninga gjennom møter med representantar for offentleg forvaltning, og dei får øving i sakshandsaming.

Læringsutbytte

Kunnskap. Studentane skal ha:

  • kjennskap til mål, prinsipp og verkemiddel innan sentrale delar av norsk miljøforvaltning
  • kunnskap om juridiske grunnomgrep og offentleg forvaltning etter forvaltningslova og offentleglova: Rettskjeldelære og juridisk metode, reglane i forvaltningslova og offentlegheitslova om saksførebuing, habilitet, innsynsrett og klage.
  • kunnskap om offentleg forvaltning etter naturmangfaldlova, miljøinformasjonslova, skogbrukslova, friluftslova, motorferdslelova, ureiningslova og vassdragslovgjevinga

Ferdigheiter Studentane skal kunne:

  • utføre offentleg sakshandsaming innanfor naturforvaltning

Generell kompetanse. Studentane skal ha god forståing av:

  • dei sentrale sakshandsamingsreglane i offentleg forvaltning
  • forståing for den rolla den offentlege forvaltninga har i samfunnet
  • forståing for mål og prinsipp for offentleg miljø- og naturforvaltning

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PL417 Arealplanlegging eller tilsvarande.

Grunnleggande kunnskap om økologi og miljøvern er ønskjeleg.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, videoforelesingar, seminar og gruppearbeid

Oppgåveløysing og arbeidskrav i gruppe og individuelt.

Obligatorisk læringsaktivitet

Krav for å få gå opp til eksamen

  • 2 godkjende skriftlege arbeidskrav (1 gruppeinnlevering og 1 individuell innlevering)
  • Godkjend deltaking i seminar 

Vurderingsform

Heimeeksamen, 2 dagar

Bokstavkarakter A-F, der F er ikkje bestått

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle tilgjengelege

Meir om hjelpemiddel