Hopp til innhald

PS1-300 Fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

I dette emnet blir omgrep, ulike teoriar og modellar knytt til psykisk helsearbeid belyst. Emnet inneheld òg behandling og innsikt i korleis psykiske helseproblem og liding kan oppstå. Tema er:

  • Psykisk helsearbeid og rusarbeid som teoretisk og praktisk kunnskapsfelt
  • Psykisk helsearbeid/ psykisk helsevern
  • Komorbide tilstandar i rus/psykisk liding
  • Myndiggjering, meistring og resiliens
  • Psykososiale behandlingsmetodar i psykisk helsearbeid og rusbehandling
  • Rettleiing og rettleiarrolla

Læringsutbytte

Etter fullført emne har/kan kandidaten;

Kunnskap

  • avansert kunnskap om psykisk helsearbeid som kunnskapsfelt
  • inngåande kunnskap om komorbide tilstandar i rus/psykisk liding
  • avansert kunnskap om forskings- og erfaringsbaserte behandlingsformer for rus og psykiske lidingar

Ferdigheiter

  • nytte kunnskap om sentrale teoriar og forskingsresultat i psykisk helsearbeid
  • nytte anerkjent kunnskap om rus og psykiske lidingar og behandling på ein sjølvstendig måte
  • grunngi og nytte kunnskap om myndiggjering, meistring og resiliens på ein sjølvstendig måte

Generell kompetanse

  • analysere relevante faglege og yrkesmessige utfordringar med bakgrunn i teori og brukar sine individuelle behov
  • nytte anerkjent kunnskap om rus og psykiske lidingar, og kommunisere faglege problemstillingar med fagpersonar og andre

Krav til forkunnskapar

Sjå opptakskrava til vidareutdanning i psykisk helsearbeid, tverrrfagleg vidareutdanning.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåveskriving individuelt og i gruppe, kollokviegrupper,

rettleiingsgrupper, seminar med diskusjonar, sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering:

  • Ei individuell skriftleg oppgåve relatert til psykisk helse og rusarbeid. Presentasjon i gruppe. Omfang 2000 ord
  • Obligatorisk 80 % frammøte til rettleiing i gruppe (3 timar)
  • Presentasjon av svar på studiespørsmål i gruppe.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, individuell. Gradert karakter A-F