PS1-301 Vitskapsteori, metode og etikk
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar og perspektiv, og fokuserer på korleis dei kjem til uttrykk i val av metode, analyse av data og formidling. Fokus er retta mot vitskapleg verksemd generelt, og forsking innan psykisk helsearbeid spesielt. Evne og vilje til å stille kritiske vitskapsteoretiske, metodologiske og etiske spørsmål ved korleis forskingsprosjekt planleggast, gjennomførast og formidlast i vitskapelige publikasjonar vert vektlagt. Sentrale tema som blir belyst er:
- Vitskapsteori og metode
- Litteraturstudie
- Akademisk skriving
- Datainnsamlingsmetodar for kvantitativ og kvalitativ metode
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan/har kandidaten:
Kunnskap:
- inngåande kunnskap om vitskapsteoretiske tradisjonar og perspektiv
- inngåande kunnskap om karakteristika ved kvantitative forskingsmetodar og kvalitative forskingsmetodar
- inngåande kunnskap om etiske prinsipp for forsking, og evne til å kritisk vurdere etiske aspekt ved gjennomføring av et forskingsprosjekt
- inngåande kunnskap om prinsipp for akademisk kjeldehandtering og siteringspraksis.
- inngåande kunnskap om etiske og metodiske utfordringar av spesielt stor relevans for psykisk helsearbeid
Ferdigheiter:
- kritisk evaluere metodologiske aspekt ved kvalitative og kvantitative forskingsprosjekt
- identifisere og kritisk evaluere etiske aspekt ved forskingsprosjekt
- kritisk vurdere kjeldebruk i vitskapelige publikasjonar
Generell kompetanse
- innsikt i vitskapsteoretiske og metodologiske aspekt ved vitskapleg verksemd generelt
- nytte kunnskapen til å stille kritiske vitskapsteoretiske, metodologiske og etiske spørsmål ved korleis forskingsprosjekt planleggast, gjennomførast og formidlast i vitskapelege publikasjonar
Krav til forkunnskapar
Sjå opptakskrava til vidareutdanning i psykisk helsearbeid, tverrrfagleg vidareutdanning.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, oppgåveskriving individuelt og i gruppe, kollokviegrupper, rettleiingsgrupper, seminar med diskusjonar, sjølvstudium.
Gruppeoppgåve basert på kritisk gjennomlesing av fagfellevurderte vitskapelige artiklar med spesiell relevans for fagfeltet. Munnleg framlegg i plenum.
Seminar: Eit halvdagseminar der aktuelle forskarar ved HiSF, Helse Førde, eller praksisfeltet presenterer pågåande forsking innanfor fagfeltet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering;
- Individuell oppgvåve, der sentrale spørsmål knytt til vurdering av vitskaplege artikkel blir presenterte i gruppe.
- Minst 80 % deltaking i rettleiingsgruppe (2 timar).
- Obligatorisk deltaking i seminar.
Vurderingsform
Individuell skrifteleg skuleeksamen, 4 timar. Karakterskala A - F, med A som beste karakter og karakteren F som ikkje bestått.