PS1-302 Organisering av tenesta på individ og systemnivå i psykisk helsearbeid
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Brukarmedverknad og individuell plan i psykisk helsearbeid
Samhandling; mellom pasient, pårørande og hjelpeapparatet, mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta
Familien sin situasjon når ein i familien har psykiske helseproblem/rusproblem
Nyskaping, innovasjon og tenesteutvikling
Lovverk (lov om psykisk helsevern, lov om spesialisthelseteneste og lov om helsepersonell, lov om kommunale helse og omsorgstenester, lov om personopplysning, lov om pasient- og brukarrettar)
Etikk og etiske perspektiv på samhandling i psykisk helsearbeid
Historie i psykisk helsevern
Psykisk helsearbeid og rusarbeid og politiske føringar
Læringsutbytte
Etter fullført emne har/kan kandidaten;
Kunnskap
- avansert kunnskap om brukar sine rettar og psykisk helsearbeidar sine plikter.
- inngåande kunnskap om andre faggrupper sin kompetanse i eit forpliktande samarbeid
Ferdigheiter
- nytte relevante teoriar om samhandling på individ og systemnivå på ein sjølvstendig måte
- analysere faktorar som fremmar og hemmar tverrfagleg samarbeid
- nytte kunnskap om lovverk, politiske føringar og teori om brukarmedverknad og individuell plan på ein sjølvstendig måte
- nytte anerkjent kunnskap om brukarmedverknad og organisering av tenestetilbodet i psykisk helsearbeid på ein sjølvstendig måte
Generell kompetanse
- nytte kunnskap om lovverk, politiske føringar og teori og bidra til brukarmedverknad på ein sjølvstendig måte
- identifisere politiske føringar og rammeverk for fagområdet og kunne greie ut korleis desse påverkar praksis i fagfeltet
- anvende kunnskap om organisering av tenestetilbodet og bidra til nytenking og innovasjon i psykisk helsearbeid
- kan dokumentere og formidle behov for psykiske helseteneste og brukarmedverknad på ein sjølvstendig måte
Krav til forkunnskapar
Sjå opptakskrava til vidareutdanning i psykisk helsearbeid, tverrrfagleg vidareutdanning.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, oppgåveskriving individuelt og i gruppe, prosjektarbeid, kollokviegrupper, rettleiingsgrupper, seminar med diskusjonar og sjølvstudium. Studentane må ha tilgang til internett.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering:
Minst 80 % deltaking av presentasjon av prosjektarbeid i grupper.
Minst 80 % deltaking i rettleiingsgruppe (3 timar).
Vurderingsform
Prosjekteksamen. Studentane arbeider i grupper der dei kritisk skal vurdere og reflektere over brukar og pårørande sin medverknad og innflytelse i tenestenivå. Med utgangspunkt i prosjektarbeidet skal studentane skrive ei gruppeoppgåve på inntil 3500 ord. Maks fem studentar i kvar gruppe. Vurderast til greidd/ikkje greidd.