PS1-303 Kommunikasjon, samarbeid, konfliktforståing og konfliktløysing
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Samspel mellom menneske er sentralt i forståing av utvikling av psykiske lidingar så vel som betringsprosessar. Teori, modellar for kommunikasjon og kunnskap om konfliktar og løysing av konfliktar blir belyst.
Sentrale tema:
Kommunikasjons- og terapimetodar knytt til psykiske lidingar
Relasjonen si rolle i psykisk helsearbeid
Relasjon knytt til makt/avmakt, konflikt, tvangs- og kontrolltiltak
Brukarperspektivet, autonomi, brukarmedverknad
Konfliktforståing
Læringsutbytte
Etter fullført emne har/kan kandidaten:
Kunnskap:
- avansert kunnskap om kommunikasjons- og samhandlingsprosessar
Ferdigheter:
- anvende relevante tilnærmingar i kommunikasjon og samhandling med pasientar, brukarar og pårørande med ulik kulturell og sosial bakgrunn, i samarbeid med andre profesjonelle
- nytte anerkjent kunnskap om ulike psykiske lidingar og kommunikasjon og konfliktløysing på ein sjølvstendig måte
Generell kompetanse:
- reflektere kritisk over egen kommunikasjon og samhandling
- argumentere for og sjølvstendig nytte relevante teori om kommunikasjon i samhandling med pasientar, brukarar, pårørande og fagpersonar i psykisk helsearbeid
- formidle betydinga av relasjonen og brukarperspektivet i psykisk helsearbeid på ein sjølvstendig måte
Krav til forkunnskapar
Sjå opptakskrava til vidareutdanning i psykisk helsearbeid, tverrrfagleg vidareutdanning.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivtetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering:
Individuelt arbeid og presentasjon i gruppe.
Minimum 80% deltaking på kommunikasjonstrening, med og utan e-læringsverktøy.
Minimum 80 % deltaking i rettleiingsgrupper (2 timar).
Vurderingsform
Skriftleg individuell oppgåve, maks 3000 ord. Oppgåvetekst vert gitt ved emnestart. Gradert karakter A-F, med A som beste karakter og F som ikkje greidd.