Hopp til innhald

SØ6-2001 By- og regionaløkonomi

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

1.Om regionaløkonomi

2. Regionalpolitikk og offentleg økonomi

3. Nytte- Kostnadsanalyse med fokus på lokale/regionale prosjekt

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • Har kunnskap om kva forhold som styrer verksemdene sine lokaliseringsval
  • Kjenner til kvifor det ofte oppstår geografiske klyngjer av næringsaktivitet
  • Kjenner til teori for korleis ulike aktivitetar typisk opptar ulike område innanfor eit byområde, og korleis dette er knytt til arealprisar
  • Kjenner til sentral teori for regionale arbeidsmarknader og flyttestraumar 
  • Vite om regionalpolitikk og offentleg sektor si rolle
  • Kan gjere greie for samfunnsøkonomisk lønsemd

Ferdigheiter

Studenten:

  • Er i stand til å bruke mikroøkonomisk teori til å forklare tettstadsmønstre, og  har ei grunnleggjande forståing for geografiske skilnader i tomte- og bustadpriser i ein region 
  • Kan bidra med enkle analysar innafor regionaløkonomi
  • Har ei grunnleggjande forståing for problemstillingar kopla til regionale skilnadar i arbeidsløyse, sysselsetjing og befolkningsutvikling
  • Ser kva rolle lokale styresmakter har
  • I stand til å gjennomføre enkle nytte-kostnadsanalysar

Generell kompetanse

Studenten:

  • Er i stand til å forklare den geografiske fordelinga av økonomisk aktivitet innanfor teoriar som byggjer på generelle likevektssamanhengar

Kan handtera eit fagleg verktøy som gir ei god forståing for sentrale samanhengar i den økonomiske-politiske

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Innføringsfag i samfunnsøkonomi

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og gruppearbeid med studiekrav

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er eit skriftleg arbeidskrav.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar

Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Kalkulator

Meir om hjelpemiddel