SØ6-402 Offentleg økonomiforvaltning
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
I emnet vert det gitt innføring i økonomisk teori og tankegang. Det blir gitt innføring i økonomiske grunnomgrep knytt til velferdsstaten og offentleg sektor. Vidare blir det gitt innføring i det å nyttegjere seg sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, i kalkulasjon, rekneskap og budsjett, samt i økonomistyring, resultatmåling og lønsemd.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande kunnskapar, ferdighetar og generell kompetanse:
Kunnskap:
- Ha brei kunnskap om økonomisk teori og tankegang
- Ha inngåande kunnskap om sentrale økonomiske grunnomgrep knytt til velferdsstaten og offentleg sektor og kunne anvende denne på relevante problemstillingar
- Kjenne til eit utval sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, med relevans for eigen sektor og eiga driftseining
Ferdighet:
- Kunne analysere planleggingsdokument som er relevante for eigen sektor og eiga driftseining
- Som leiar kunne bruke økonomisk teori på konkrete avgjerdssituasjonar i eiga driftseining
- Vere i stand til å analysere og forhalde seg kritisk til samfunnsøkonomiske lønsemdsvurderingar
- Ha innsikt i den økonomiske situasjonen i organisasjonen og kunne prioritere internt ut frå avgrensa ressursar
- Kunne bruke budsjettet som planleggingsverktøy
Generell kompetanse:
- Studenten skal etter avslutta kurs ha fått ei grundig forståing og innsikt i offentleg sektor og teorien for økonomisk politikk og økonomisk styring, med vekt på sektorane helse, velferd og utdanning, og dei skal vite korleis dei skal kunne sikre god ressursutnytting i eiga driftseining
- kunne nytte nokre sentrale grunnomgrep i økonomisk teori i forståinga av ressursforvaltning i eiga driftseining
- kunne kommunisere med kollegaer og leiarar i eigen organisasjon om nokre grunntrekk i velferdsstaten og offentleg sektors økonomiske grunnlag og økonomiforvaltning
- kjenne til og kunne analysere eit utval sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, med relevans for deira eigen sektor og eiga driftseining
- kunne nytte sentrale omgrep som økonomistyring, lønsemd og resultatmåling i ei forståing av den offentlege leiarrolla.
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, casediskusjonar, gruppearbeid og skriftleg arbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav nr. 3: Individuell innleveringsoppgåve.Mellom 1000 og 1500 ord.
Vurderingsform
Heimeeksamen - 8 dagar. Svar på utleverte oppgåver innan dato gjort kjend av faglærarar. Omfang inntil 3500 ord. Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene.
Bokstavkarakter A-F.
Ved stryk kan studenten ta opp igjen eksamen i det påfølgjande semesteret.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- SØ6-402 - Offentleg økonomiforvaltning - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- JU6-400 - Økonomi og jus i helse- og sosialsektoren - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
- SØ6-400 - Økonomi i helse- og velferdssektoren - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SØ6-401 - Økonomi i utdanningssektoren - Reduksjon: 5 studiepoeng