Hopp til innhald

SA6-405 Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

I dette emnet er hovudfokus planlegging, drift og utvikling av arbeidseiningar i helse- og velferdssektoren. Med utgangspunkt i systemiske og læringsteoretiske perspektiv går emnet inn på konkrete utfordringar studentane kan møte som leiarar. Sentralt står leiar si tilrettelegging for kollektiv problemløysing og kollektivt utviklings- og forbetringsarbeid samt bruk av IKT i denne samanheng.

Læringsutbytte

Kunnskap

 

  • Med bakgrunn i sentrale teoriar, modellar og forskingsbasert viten om kvalitetsforbetring skal studenten ha inngåande kunnskap om:
    • Teori om læring og kunnskapsutvikling på individ-, gruppe- og organisasjonsplan
    • Førekomst og konsekvensar av kvalitetssvikt
    • Korleis samfunnet si utvikling, rammevilkår, fagleg utvikling og tilhøve ved tenesta påverkar kvaliteten
    • System, metode og verktøy for forbetring av kvalitet

 

Ferdigheiter:

  • Med bakgrunn i sentrale teoriar, modellar og forskingsbasert viten om kvalitetsforbetring skal studenten: 
    • Kunne bruke læringsteori for å analysere eit kvalitetsforbetringsarbeid
    • Kunne bruke relevant kunnskap og avanserte analyseverktøy for å avdekke og forstå kvalitetsproblem i tenesta
    • Kunne bruke relevant kunnskap og innøvde ferdigheiter til å planleggje, utføre og evaluere eit forbetringsarbeid

 

Generell kompetanse

  • Kunne bidra til og setje i gang systematisk kvalitetsforbetring i tenesta ved hjelp av tileigna kunnskap og ferdigheter.
  • Kunne vidareformidle kunnskapar og ferdigheiter om forbetringsarbeid i eigen organisasjon.

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og gruppearbeid med case.

Individuell rettleiing i utarbeiding av eit dokument som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav 2 i studieplan : 4 korte refleksjonsnotat, 1 - 3 sider (400 - 1200 ord) per notat utarbeidde mellom samlingane.

Vurderingsform

Mappe som inneheld eitt arbeid

Individuell utarbeidd tekst som handlar om leiing og utviklingsprosessar/forbetringsarbeid på eigen arbeidsplass.

Nærare informasjon om oppgåva vert gitt på samlingane. Om lag 10 sider (ca. 4000 ord).  Innlevering innan dato som vert gjort kjend av faglærar. Vurdering ut frå gitte kriteriar for oppgåva.

 

Bokstavkarakter A-F.

 

Ved stryk kan studenten levere ein omarbeidd tekst.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel