SA6-502 Helse- og velferdspolitikk
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet sitt fokus er å gje innsikt og forståing for helse- og velferdspolitiske spørsmål og utfordringar i lys av politiske føringar og reformer. Korleis vert offentleg politikk utforma og sett i verk? Kva kjenneteiknar politikk i høve fagleg verksemd? Velferdsstat og velferdssamfunn i nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Profesjonane i velferdsstaten. Samhandlingsutfordringar og nye samhandlingsideal. Endra kontekstar for leiarrolla, profesjonsrolla og brukarrolla.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap:
- ha generell kunnskap om politikk, politikkutforming og iverksetjing av offentleg politikk
- ha inngåande kunnskap om velferdsstaten si historie og utvikling
- ha kunnskap om bakgrunn og ideologi for større reformer innan helse- og velferdssektor, og korleis desse set retning for utforming og utvikling av helse- og velferdstenester på organisasjonsplan
- ha avansert kunnskap om profesjonsrolla, leiarrolla og brukarrolla i endra kontekstar i helse- og velferdssektor
Ferdighet:
- kunne analysere sentrale reformer og utviklingstrekk i helse- og velferdssektoren, og kunne drøfte korleis dette påverkar konteksten for leiing og profesjonsutøving
- kunne gjennomføre eit sjølvstendig teoretisk arbeid på ei bruksretta problemstilling
Generell kompetanse:
- ha inngåande kompetanse i forstå og analysere helse- og velferdspolitikk som ramme for praksis knytt til leiing og profesjonsutøving, samt kunne reflektere over endringsutfordringar for sektoren generelt og for dagleg drift i eigen organisasjon spesielt.
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesning, gruppearbeid, rettleiing av tekst til eksamensoppgåve. Tekstutforming er ein sentral del av studentane sin læringsprosess.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav nr. 5a i studieplanen: Tre korte notat (800 - 1200 ord) utarbeidde mellom samlingane.
Arbeidskrav nr. 5b i studieplanen: Førebu og presentere valt artikkel på artikkelseminar.
Arbeidskrav nr. 5a og 5b må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Ved oppstart blir det gitt nærare informasjon om innhald og krav til arbeidskravet.
Vurderingsform
Mappe som innheld to arbeid:
1. Oppgåve som handlar om helse- og velferdspolitiske spørsmål eller utfordringar, og der studenten nyttar relevante teoriar og omgrep frå emnet. Oppgåva kan løysast individuelt eller i grupper på inntil to studentar. Ved individuell oppgåveløysing er omfanget 4000 ord. Dersom to skriv oppgåve i lag, er omfanget 6000 ord.
2. Individuell utforma tekst som drøftar eigen læringsprosess gjennom studiet generelt med utgangspunkt i arbeidskrav nr. 1a i studieplanen og for SA6-xx1 Helse- velferdspolitikk spesielt med utgangspunkt i arbeidskrav nr. 5a. Omfang inntil 2400 ord.
Ved oppstart av emnet vil det bli gitt nærare informasjon om krav til dei to arbeida i mappa.
Bokstavkarakter A - F
Ved stryk kan omarbeida oppgåve/notat bli levert inn.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel