Hopp til innhald

SA6-503 Utdanningspolitikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet skal auke studentane si innsikt i den samfunnsmessige grunngjevinga for oppbygging og utvikling av utdanningstilboda i Noreg. Korleis kan ein forstå norsk utdanningspolitikk i lys av internasjonale trendar. Det skal òg gje forståing av det norske utdanningssystemet som iverksetjingssystem for utdanningspolitikk. Søkelyset blir retta mot aktuelle utdanningspolitiske spørsmål både innan barnehage, skule, høgskule og universitet. Føresetnader for og utforming av utdanningspolitikken vert drøfta, og utdanningsinstitusjonane som iverksetjingssystem analysert. Stortingsmeldingar og offentlege utgreiingar er sentrale kjelder.

Læringsutbytte

Ved avslutta emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

  • ha generell kunnskap om politikkutforming og iverksetjing av offentleg politikk
  • ha god innsikt i nasjonal og internasjonal politikkutforming som påverkar institusjonane frå barnehagane til høgare utdanning
  • ha inngåande kjennskap til utdanningsinstitusjonane si rolle i den norske velferdsstaten

Ferdigheit:

  • Kunne analysere utdanningspolitiske spørsmål i lys av teori om politikk og politikkutforming
  • Kunne bruke utdanningspolitiske dokument som ramme for analyse av dagleg praksis som leiar.
  • Kunne gjennomføre eit sjølvstendig teoretisk arbeid på ei bruksretta problemstilling.

Generell kompetanse:

  • ha inngåande kompetanse i å forstå og analysere utdanningspolitikk som ramme og utfordring for praksis knytt til leiing og profesjonsutøving, samt kunne reflektere over korleis denne kompetansen kan omsetjast til eigen lokal kontekst.

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen. 

Undervisnings- og læringsformer

Førelesning, gruppearbeid, rettleiing av tekst til eksamensoppgåve. Tekstutforming er ein sentral del av studentane sin læringsprosess.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav nr. 5a i studieplanen: Tre korte læringsnotat (800 - 1200 ord) utarbeidde mellom samlingane.

Arbeidskrav nr. 5b i studieplanen :Førebu og presentere valt artikkel på artikkelseminar.

Arbeidskrav nr. 5a og 5b  må vere godkjende for å  kunne gå opp til eksamen.  

Ved oppstart blir det gitt nærare informasjon om innhald og krav til arbeidskravet.

Vurderingsform

Mappe som innheld to arbeid:

1. Oppgåve som handlar om utdanningspolitiske spørsmål eller utfordringar, og der studenten nyttar relevante teoriar og omgrep frå emnet. Oppgåva kan løysast individuelt eller i grupper på inntil to studentar. Ved individuell oppgåveløysing er omfanget 4000 ord. Dersom to skriv oppgåve i lag, er omfanget 6000 ord.

2. Individuell utforma tekst som drøftar eigen læringsprosess gjennom studiet med utgangspunkt i arbeidskrav nr. 1a i studieplanen og for SA6-xx2 Utdanningspolitikk spesielt med utgangspunkt i arbeidskrav nr. 5a. Omfang inntil 2400 ord.

Ved oppstart av emnet vil det bli gitt nærare informasjon om krav til dei to arbeida i mappa.

Bokstavkarakter A - F

Ved stryk kan omarbeidd oppgåve/notat bli levert inn.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel kan nyttast.

Meir om hjelpemiddel