SAB130 Grunnlagskunnskap i sosialt arbeid
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
I emnet skal studentane tileigne seg kunnskap om sosialt arbeid i lys av omgrep i sosiologi, sosialpsykologi og utviklingspsykologi. I tillegg skal studentane tileigne seg kunnskap om migrasjon og interkulturell forståing.
Studentane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter i kommunikasjon med utgangspunkt i interaksjonistisk perspektiv og utdjuping i kommunikasjons - og relasjonskunnskap.
Studentane skal trene på å skrive akademiske tekstar. Innholdet i emnet er organisert i tre tema; sosiologi, psykologi og sosialt arbeid.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har kunnskap om sosialt arbeid sitt teorigrunnlag og metodar som rettar seg mot individ, familiar, grupper og samfunn
- har kjennskap til vilkår for meistring og utvikling hos barn, unge, vaksne og eldre
- kjenner til kva betyding levekår, helse, utdanning, arbeid og sosial inkludering og aktiv deltaking har i ulike livsfasar for individ, familie og samfunn
- har kunnskap om korleis sosial klasse, utanforskap, marginalisering og diskriminering påverkar folkehelse og levekår
- har kunnskap om teoretiske perspektiv i sosialt arbeid og andre relevante fagområde
- har kjennskap om korleis sosiale problem oppstår og utviklar seg i en samfunnsmessig samanheng
- har kjennskap til omgrep innan migrasjon og interkulturell forståing
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan bruke fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i individuelle samtalar med brukarar/klientar
- kan reflektere over kulturelle skilnadar og korleis dette har betyding for individ og samfunn
- kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette både munnleg og skriftleg
Generell kompetanse:
Studenten…
- har innsikt i forhold som medverkar til sosial ulikskap
- kjenner til menneske sine ulike utgangspunkt og sårbarheit, verdiar og levemåte
Krav til forkunnskapar
Emnet er berre ope for studentar som er tekne opp på bachelor i sosialt arbeid.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
I dette emnet er undervisinga hovudsakleg gitt som undervising i klasserom, digital undervisning i form av online førelesningar i Canvas og ferdigheitstrening i gruppe ved bruk av video under rettleiing av faglærar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Ferdigheitstrening i kommunikasjon og relasjon.
- Gruppepresentasjon av videoeksemplar.
Godkjende læringsaktivitetar er gyldige i fire semester.
Vurderingsform
Eksamen
Mappeeksamen med to individuelle skriftlege oppgåver, kvar med eit omfang på 2000 ord +/- 10 %. Vekting av oppgåvene er 50 / 50.
Studentane får rettleiing i form av individuell, skriftleg tilbakemelding på den første mappeoppgåva før innlevering av eksamen.
Begge oppgåver må være greidd for å få greidd eksamen.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsutrykk:
Gradert karakterskala, der A-F er greidd og F svarar til ikkje greidd.
Ny eksamen
Dersom kandidaten får karakteren F på mappeeksamen, leverer kandidaten revidert utgåve ved eit nytt eksamensforsøk.
Dersom kandidaten får karakteren F ved andre forsøk skal det leverast ei ny oppgåve med ny problemstilling.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel