SAB140 Rammer for sosialt arbeid i velferdstenestene
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet tek føre seg det offentlege si rolle som forvaltar av velferdsgode. Hovudfokus for emnet er rammevilkåra for sosialt arbeid og korleis desse påverkar handlingsrommet.
I emnet vert det innføring i demokrati og politisk organisering på kommunalt og statleg nivå. Studentane skal tileigne seg ei forståing for politisk styring og betydinga av demokrati og sentrale demokratiske prinsipp.
Gjennom ei innføring i velferds- og sosialpolitikken tek vi opp korleis politiske føringar og diskusjonar er sentrale premissar for utforminga av velferdstenestene. Studentane skal opparbeide seg kunnskap om sosialarbeidaren si rolle i utføring og utforming av sosialpolitiske målsetjingar.
Emnet inkluderer ei innføring i juridisk metode, forvaltningsrett og trygde- og sosialrett som skal kombinerast med ferdigheitstrening i sakshandsaming og dokumentskriving.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har brei kunnskap om velferdspolitiske mål og verkemiddel, ulike velferdsmodellar og velferdspolitikkens betyding for sosialt arbeids praksis
- har kunnskap om ansvars- og arbeidsfordeling i velferdsforvaltinga, tverrprofesjonelt samarbeid og samspelet mellom offentleg, privat og frivillig sektor
- har kunnskap om velferdsstatens utvikling og utviklinga av profesjonar i etterkrigstida
- har kunnskap om relevant juridisk metode og sentral lovgivning innen velferdsforvaltning, herunder forvaltningsrett og lovgivning innen velferd og sosiale tjenester
- har kunnskap om tilhøve som regulerer norsk arbeidsliv
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan bruke rettsreglar, opplyse om rettar og plikter og utøve juridisk og sosialfagleg skjøn i møtet med enkeltpersonar, familiar og grupper, mellom anna samiske brukarar
Generell kompetanse:
Studenten…
- har kjennskap til maktstrukturar og maktutøving i samfunnet
- har kjennskap til politiske og administrative vedtaksprosessar og korleis sosionomar kan medverke til allmenn opplysing og politisk rådgjeving
- har kjennskap til og kunne reflektere kritisk over si profesjonelle rolle i møtet med institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga
Krav til forkunnskapar
Emnet er berre ope for studentar som er tekne opp på bachelor i sosialt arbeid.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
I dette emnet vert studentaktive arbeidsformer vektlagd / Det vært nytta studentaktive læringsformer i form av litteraturstudium, digital undervisning i form av digital undervisning i Canvas, førelesningar, seminar, gruppearbeid og munnleg studentpresentasjon, ferdigheitstrening i oppgåveskriving.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen:
- Krav om 80% deltaking ferdigheitstrening, sakshandsaming og dokumentskriving.
- Individuell skriftleg oppgåve. Omfang: 3500 ord +/- 10 %.
Godkjende læringsaktivitetar er gyldige i fire semester.
Vurderingsform
Eksamen
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk:
Gradert karakterskala A til F, der A til E er greidd og F er ikkje greidd.
Ny eksamen
Ny skuleeksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovsamling
Meir om hjelpemiddel