Hopp til innhald

SK164 Andre rettleia praksis i spesialisthelsetenesta

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Kliniske studiar relatert til pasientar som mottar sjukepleie i spesialisthelsetenesta og deira pårørande. Kullet blir delt i to grupper, der ein del av kullet har medisinsk praksis og den andre delen kirurgisk praksis.

Hospitering:

  • Medisinsk praksis: hospitering i føde-/ barselavdeling og pediatri, fire dagar.
  • Kirurgisk praksis: hospitering i operasjons- og oppvakningsavdeling, tre dagar.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har/skal studenten :

Kunnskap

  • har kunnskap om livreddande førstehjelp og avansert hjarte- lungeredning
  • har kunnskap om lovverket som regulerer utøving av sjukepleiefaget

 

Ferdigheter

  • kan nytte sjukepleieprosessen som metode
  • kan syne forståing og respekt for pasientar og pårørande sine opplevingar og reaksjonar på sjukdom/ sjukdomstilstand
  • kan sjå samanheng mellom behandling og pleie, og kan planlegge heilskapleg, vurdere og utføre sjukepleie til fleire pasientar
  • kan gjere greie for teoretiske samanhengar og grunngje handling
  • kan planlegge og prioritere eige arbeid
  • kan ivareta hygieniske prinsipp i utøving av sjukepleie
  • kan dokumentere skriftleg, og gje munnleg rapport/ informasjon
  • kan administrere legemidlar og har kunnskap om verknad/ biverknad og mogelege komplikasjonar
  • kan vise etisk refleksjon og handlingsberedskap
  • kan ta del i arbeids- og behandlingsoppgåver, prosedyrar og bruk av medisinsk teknisk utstyr
  • kan finne fram til relevant litteratur og forsking innan fagområdet og nytte dette i utøving av praktisk sjukepleie
  • kan vise evne til samarbeid og teamarbeid
  • kan sjølvstendig rettleie, informere og undervise pasientar, pårørande og samarbeidande partar
  • kan syne forståing for kultursensitiv kommunikasjon
  • kan utføre administrative oppgåver
  • kan sjå eige læringsbehov og ta rettleiing

 

Generell kompetanse

  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innafor fagområdet både skriftleg og munnleg, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis 

Krav til forkunnskapar

Emne SK160, SK161, SK199, SK169, SK170, samt alle obligatoriske læringsaktivitetar i SK162 må vere greidd før start i emnet.

Undervisnings- og læringsformer

  • Det vert lagt vekt på erfaringslæring med refleksjon, rettleiing individuelt og i grupper
  • Studentaktive læringsformer for å integrere og gjere seg nytte av kunnskap i praksis
  • Skriftleg og munnleg arbeid

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan starte i direkte pasientretta verksemd:

  • Seminar med framlegg i grupper (sosiologi)
  • Individuell/gruppe skriftleg test i medikamentrekning. Krav om 100% rett.

Vurderingsform

Andre rettleia praksis i spesialisthelsetenesta. Greidd/ikkje greidd.