Hopp til innhald

SVIKT801 Patofysiologi ved akutt og kritisk sjukdom

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Etter fullført emne skal sjukepleiaren ha kunnskap om alvorleg svikt i vitale funksjonar og vere kvalifisert til å førebyggje og iverksette tiltak for å unngå sjukdomsforverring og til å sette i verk livreddande fyrstehjelp ved akutt sjukdom. Sjukepleiaren skal kunne gjere systematiske observasjonar, samarbeide med og henvise til andre aktuelle fagpersonar og instansar.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten…

  • har avansert kunnskap om normal aldring og funksjonstap
  • har avansert kunnskap om patofysiologiske prosessar ved svikt/sjukdom i hjerte-,lunge-,nyre-,og sentralnervesystemet hjå eldre
  • har avansert kunnskap om ernæring, væske og elektrolyttbalansen ved alvorleg sjukdom hjå eldre
  • har avansert kunnskap om ulike former for smertebehandling
  • har avansert kunnskap om polyfarmasi og medikamenta sin verknad
  • har avansert kunnskap om ulike kliniske kartleggingsverktøy
  • har avansert kunnskap om brukarmedverknad                   

Ferdigheiter

Studenten…

  • kan analysere etiske utfordringar i klinisk praksis som involverer eldre med svikt i vitale funksjonar
  • kan gjennomføre sjølvstendig og systematisk undersøking av pasienten sin helsemessige situasjon for å følgje opp kronisk tilstand eller oppdage forverring av tilstand
  • kan analysere kliniske- og monitorerte symptom for å setje i verk adekvate tiltak eller innhente anna kompetanse
  • kan arbeide kunnskapsbasert og bidra til nytenking og innovasjonsprosessar

Generell kompetanse:

Studenten…

  • har analytisk tilnærming til eigen praksis og til vidareutvikling av eige fagområde
  • kan samhandle hensiktsmessig med eigen og andre helsefaglege profesjonar innafor eigen organisasjon og på tvers av tenestenivå

Krav til forkunnskapar

Nei

Undervisnings- og læringsformer

Forelesing, rettleiing, gruppearbeid, studentframlegg, sjølvstudie

Undervisning for studentar med opptak i Haugesund  vil primært foregå både på Campus i Haugesund.

Undervisning for studentar med opptak i Førde vil primært foregå på Campus i Førde.

Utvalte forelesningar kan bli videooverført

Obligatorisk læringsaktivitet

Sentrale obligatoriske læringsaktiviteter som blir nytta er gruppearbeid, framlegg, øving, simulering og aktiviserende- og erfaringsbasert undervisning. Obligatoriske læringsaktiviteter fremgår av emneplan og/ eller timeplan.

Følgende obligatoriske læringsaktiviteter må være godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Arbeidskrav 1. Tilstades i 80% i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning
  • Arbeidskrav 2. Fremlegg på seminar i grupper, 15 minutters varighet. Tildelt tema, valfri presentasjonsform (Eit forsøk)
  • Arbeidskrav 3. Ferdighetstrening i SimArena
  • AHLR-sertifisering 6 timar 1 forsøk

Arbeidskrav er gyldig påfølgande semester. Arbeidskrav må vere godkjent for å gå opp til eksamen.

Vurderingsform

 Individuell skuleeksamen, 5 timar

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala A til F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått.

Ny eksamen

Ved ikkje bestått (karakter F) vert ny eksamen gjennomført på same måte som ordinær eksamen