SVIKT802 Klinisk avansert sjukepleie og samhandlingskompetanse
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet byggjer på kunnskap og ferdigheiter studenten har tileigna seg i Emne Patofysiologi ved akutt og kritisk sjukdom. I dette emnet vert det lagt vekt på at sjukepleiarane skal bli trygg i eige fag. Emnet legg vekt på at sjukepleiarane skal utvikle sin kliniske kompetanse i å observere, kartlegge og vurdere pasientens helsestatus, og vidareutvikle si evne til å identifisere og analysere symptom, teikn og reaksjonar hjå pasientar med akutt eller kritisk sjukdom. Kompetansen sjukepleiarane får skal legge grunnlag for at sjukepleiaren skal kunne vurdere rett tiltak og behandling i samarbeid med andre. Etter fullført emne skal sjukepleiaren kunne formidle teoretiske og praktiske problemstillingar til andre.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten…
- har avansert kunnskap om politiske føringar og juridiske reguleringar for tenesta
- har avansert kunnskap om samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer
- har avansert kunnskap om oppgåver, ansvar og samarbeid i komorbiditet, polyfarmasi og legemiddelgjennomgang
Ferdigheiter
Studenten…
- kan arbeide kunnskapsbasert og bidra til nytenking og innovasjonsprosessar
- kan samhandle og koordinere pasientforløp for å ivareta pasientsikkerhet og kvalitet på tvers av tenestenivå
- kan undervise medstudentar og kollegaer i systematisk undersøkelse av pasienten
- skal kunne bruke og kritisk vurdere kliniske kartleggingsverktøy.
- Skal kunne identifisere tidlig svikt i vitale funksjonar, inkludert kognitive fuksjonar.
Generell kompetanse
Studenten…
- har analytisk tilnærming til eigen praksis og til vidareutvikling av eigen kompetanse til eldre med alvorleg svikt i vitale funksjonar
- kan samhandle hensiktsmessig med eigen og andre helsefaglege profesjonar innafor eigen organisasjon og på tvers av tenestenivå
- kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar
Krav til forkunnskapar
Patofysiologi ved akutt og kritisk sjukdom
Undervisnings- og læringsformer
Følgjande obligatoriske læringsaktiviteter vil bli nytta.
Studentaktiv og erfaringsbasert undervisning, scenariotrening, ferdigheitstrening, rettleiing, gruppearbeid, studentframlegg, hospiteringspraksis og sjølvstudie
Undervisning for studentar med opptak i Haugesund vil primært foregå både på Campus i Haugesund og på Stord.
Undervisning for studentar med opptak i Førde vil primært foregå på Campus i Førde.
Utvalte førelesningar kan bli videooverført.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktiviteter må være godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Arbeidskrav 1. Tilstades 80% i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning
- Arbeidskrav 2: 24 timar simulering/scenario på sjukepleiesenter. 90% nærvær på simulering på sjukepleiesenteret. Tidspunkt for simulering er markert i timeplanen, endring av tidspunkt kan forekomme. Dersom studenten ikkje har deltatt på tilstrekkeleg mange simuleringer, må arbeidskravet gjennomførast saman med neste kull.
- Arbeidskrav 3: 2 veker hospiteringspraksis (8 vakter). Ambulanse, akuttmottak, kommunale akuttsenger, legevakt eller anna relevant avdeling. I praksis er krav om 90% nærvær. Dersom arbeidskravet ikkje blir godkjent vil ein prøve å tilrettelegge for ein utvida praksisperiode dersom dette er praktisk mulig og fagleg forsvarleg. Gyldig politiattest må være levert i god tid for å kunne starte i praksis.
- Arbeidskrav 4 HLR-øving på eigen arbeidsplass teori og praktisk øving- dokumentasjon frå ledar
Arbeidskrava er gyldig i påfølgande semester.
Alle arbeidskravene må være godkjent for å kunne framstille seg til eksamen.
Vurderingsform
Mappeeksamen:
Læringsmappe: Tre refleksjonsnotat på 2000 ord +/- 10% på kvart notat
Vurderingsmappe: Studentane vel eit av refleksjonsnotata frå læringsmappa til vurdering.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Ved ikkje bestått (karakter F)
leverer studenten bearbeida, skriftleg besvarelse til ny eksamen.