VPD5-107 Menneske, funksjon og utvikling
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet gjev kunnskap om mennesket si oppbygging og funksjon, og samspel med omgjevnader. Det er fokus både på det friske og sjuke, og korleis omgjevnader påverkar helse og sosial fungering. Prinsippet om å førebyggja helse og sosiale vanskar er sentralt.
Samanhengen mellom aktivitet og livskvalitet vert vektlagt. Emnet inneheld også grunnleggande kompetanse om dagleglivets ferdigheiter, pedagogikk, kommunikasjons- og relasjonskunnskap, og observasjon i miljøarbeid. Emnet gjev grunnleggande kunnskap om psykologi som grunnlag for profesjonsutøving, og innføring i psykisk helse.
Læringsutbytte
Felles læringsutbyte for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie
- har kunnskap om, og kan gjere greie for generell psykologi, utviklingspsykologi og sosialpsykologi
Felles læringsutbytte barnevern og vernepleie
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten
Kunnskap
- om ulike teoriar om læring
- om lovgrunnlaget og prosedyrane for spesialpedagogisk hjelp i skulen
- om prinsippa til eit relasjonelt pedagogisk perspektiv
- anvende didaktiske prinsipp i pedagogisk læringsarbeid
Studiespesifikke læringsutbytte
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:
Kunnskap:
- har kunnskap om og kan gjere greie for ulike tilstandar av psykisk utviklingshemming
- har kunnskap om ulike tilhøve som fremjar og hemmar god livskvalitet for personar med nedsett funksjonsevne.
- har kunnskap om aktivitetar i dagleglivet (ADL) og korleis gje indivdiuelt tilpassa hjelp.
- har kunnskap om tiltak som fremjar deltaking, trivsel og helse, på dagleglivets områder
- har kunnskap om pedagogikk og profesjonell kommunikasjon og relasjonskompetanse
- har kunnskap om, og kan gjere greie for kroppen sin oppbygging og funksjon
- ha kunnskap om, og kan identifisere dei vanlegaste sjukdomane innan somatikk og psykiatri
Ferdigheiter:
- kan anvende relevant fagleg kunnskap frå sentrale tema i emnet slik som observasjon, kartlegging, vurdering og leggja til rette tiltak og aktivitet for tenestemottakar
- kan beherske legemiddeladministrasjon og legemiddelrekning.
- kan anvende fagleg kunnskap og reflektere over eigne ferdigheiter innan kommunikasjon og relasjon
Generell kompetanse
- har innsikt i sentralt fagstoff innan miljøarbeid, anatomi, fysiologi og sjukdomslære
Krav til forkunnskapar
Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet VPD5-106 Vernepleieprofesjonen i hjelpeapparatet
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta ulike undervisings- og læringsformer: seminar, gruppearbeid, førelesingar, praktiske øvingar, munnleg og skriftleg framstilling individuelt og i grupper, sjølvstudium og ferdigheitstrening.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatoriske læringsaktivitetet innebærer en aktiv deltaking fra student i læringsprosess. Følgende obligatoriske læringsaktiviteter må være godkjent for at studenten kan fremstille seg til eksamen :
- Arbeidskrav 1: Test i Farmakologi.
- Arbeidskrav 2: Test i Legemiddelrekning.100% rett svar
- Arbeidskrav 3: Minimum 80 % obligatorisk frammøte på kvar samling
Vurderingsform
Eksamen består av tre deler, alle må vere bestått for at emnet skal vere greidd.
Del 1:
6 timars skriftlig skuleeksamen i naturvitskapelege emner. Vekting 50 %
Ny eksamen:
Går føre seg som ordinær eksamen.
Del 2:
Individuell mappeeksamen. Mappa inneheld to oppgåver. Vekting 25 %
Ny eksamen:
Dersom kandidaten får karakteren F på mappeeksamen, kan han/ho levere revidert utgåve av same oppgåve ved et nytt eksamensforsøk. Dersom kandidaten får karakteren F ved andre forsøk skal det leverast ei helt ny oppgåve med ny problemstilling.
Del 3:
4 timar skuleeksamen. Vekting 25 %
Ny eksamen:
Går føre seg som ordinær eksamen.
Vurderingsutrykk:
A - F der F er ikkje greidd vurdering
Hjelpemiddel ved eksamen
Farmakologi: Felleskatalogen
Legemiddelregning: Kalkulator (Type: les linken under)
https://www.hvl.no/student/eksamen/hjelpemiddel-ved-eksamen/
Meir om hjelpemiddel