VPL5-209 Helsefag
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje studentane kunnskap og ferdigheiter i å yte forsvarleg helsehjelp til menneske i ulike livssituasjonar. Ferdigheiter i helsefaglege prosedyrar står sentralt. I tillegg får studentane kunnskap om forvaltning av pleie og omsorgstenester i kommunal sektor.
Læringsutbytte
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:
Kunnskap:
- har brei kunnskap om fysiske konsekvensar og endringar knytt til høg alder
- har brei kunnskap om pleie og omsorgsbehov
- har kunnskap om førebygging og behandling av helseproblem
- har kunnskap om, og kan gjere greie for helsefaglege prosedyrar
- har kunnskap om, og kan gjere greie for prinsipp i førstehjelp
- har kunnskap om sentrale lover, reglar og sakshandsaming på helserettens område i kommunal sektor
- kjenner til forsking- og utviklingsarbeid innan helsefaglege emne
Ferdigheiter:
- kan beherske relevant fagleg og praktisk utstyr og tekniske hjelpemiddel
- kan utføre helsefaglege prosedyrer
- kan anvende fagleg kunnskap til å identifisere, vurdere, grunngje samt dokumentere behov for helsehjelp
Generell kompetanse:
- kan formidle kunnskap om ulike sjukdommar og helseplager og kan vise både munnleg og skrifteleg korleis desse kan forståast og løsyast
- kan samarbeide med andre studentar og dele synspunkt, erfaringar og kunnskap frå helsefaglege tema
Krav til forkunnskapar
Alle emne frå første studieår må vere greidd for å kunne framstille seg til eksamen.
Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i VPL5-211 Vernepleiaren som miljøarbeidar og bestått VPL5-212 Praksisopplæring i miljøarbeid med menneske med utviklingshemming
Tilrådde forkunnskapar
Ingen utover de spesifikke forkunnskapane.
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta ulike undervisnings-og læringsformer i emnet: Førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening og bruk av digitale verktøy.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen:
1: Praktisk test i helsefaglege prosedyrar
2: Arbeidskrav i juss
3: Obligatorisk deltaking i gruppearbeid og helsefaglege prosedyrar
Obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i 3 påfølgjande semester
Vurderingsform
Individuell heimeeksamen, omfang 3000 ord. Varigheit: fem dagar.
Vurderingsutrykk:
A - F der F er ikkje greidd vurdering
Ny eksamen:
Dersom kandidaten får karakteren F på heimeeksamen, må kandidaten gå opp til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel