VPL5-211 Vernepleiaren som miljøarbeidar
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet handlar om kunnskap og ferdigheiter i arbeid med personar med kognitive vanskar. Det vert særleg vektlagt at studenten skal øve seg i å arbeide kunnskapsbasert, samt få innføring og trening i å anvende ulike metodar som kan nyttast i miljøarbeid og miljøterapeutisk arbeid.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal kandidaten ha:
Kunnskap :
- kunnskap om etiske teoriar og refleksjonsprosessen
- kunnskap om metodiske tilnærmingar i miljøarbeid, som grunnlag for systematisk arbeid saman med tenestemottakar
- kunnskap om kva som hemmar og fremjar sjølvbestemmelse, samt kan gjere greie for sentrale problem knytt til samtykke-kompetanse
- kjenne til forskings- og utviklingsarbeid kring funksjonshemming, og kan oppdatera sin eigen kunnskap
- kjenner til velferdsteknologi for tenestemottakarar
Ferdigheiter:
- Har evne til etisk refleksjon
- Kan kommunisere med personar med nedsette kommunikasjonsferdigheiter.
- Kan bidra til deltaking, sjølvråderett og personleg vekst for personar med kognitiv svikt
- Kan etablere likeverdig kommunikasjon og samspel prega av respekt og empati.
- Kan planlegga og gjennomføra sosiale aktivtetar og bevegelse åleine eller som medlem i ei gruppe
- Kan planlegga faglege tiltak, som fremjar tenestemottakarar sine mål
- Kan søka og vurdere informasjon og fagstoff, slik at dette er relevant for ei fagleg problemstilling i miljøterapeutisk arbeid
Generell kompetanse:
- kan arbeide kunnskapsbasert, identifisere behov, gjennomføre og evaluere intervensjon av miljø som har normale levekår som mål, og er i samsvar med tenestemottakar sine ønskjer og behov
- kan utveksla synspunkt, erfaringar samt formidla fagstoff om relevante faglege problemstillingar, både skriftleg og munnleg
Krav til forkunnskapar
Alle emner frå første studieår må vere greidd
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta ulike undervisnings- og læringsformer i emnet: førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening og bruk av digitale læringsverktøy.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1. 80% deltaking i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning i følgjande tema:
- Kommunikasjon med menneske med utviklingshemming
- Sosialt nettverk
- Jus seminar
2. Obligatorisk læringsaktivitet med ein skriftleg og ein munnleg del
Obligatoriske læringsaktivitetar er godkjende i 3 påfølgjande semester
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen.
Vurderingsutrykk:
A -F der F er ikkje greidd vurdering
Ny eksamen:
Går føre seg som ordinær eksamen
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen.
Meir om hjelpemiddel