Hopp til innhald

BI434 Vegetasjonsøkologi

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet gjev ei innføring i relevant teori og metode - mellom anna for datainnsamling, gradientanalyse og korrelasjonsanalyse- for omtale av og forståing av vegetasjonen si utbreiing regionalt og lokalt. Det vert spesielt fokusert på kva for lokale gradientar som er dei viktigaste for å forklare variasjonen i vegetasjonen i ulike økosystem i Noreg. Emnet bygg på kunnskap om plantemangfaldet i Norge og om viktige kretslaup i naturen, og legg eit grunnlag for kunnskapsbasert forvaltning av norsk natur.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Kandidaten har innsikt i planters grunnleggande krav
  • Kandidaten kjenner til ulike metodar for innsamling og analyse av vegetasjonsøkologiske data
  • Kandidaten kjenner til kva faktorar som er årsak til den regionale vegetasjonsvariasjonen i Noreg
  • Kandidaten kjenner til kva faktorar som er årsak til den lokale vegetasjonsvariasjonen i utvalde norske økosystem
  • Kandidaten har innsikt i type- og beskrivelsessystemet for naturvariasjon i Norge, Natur i Norge (NiN 2.1)

Ferdigheiter

  • Kandidaten beherskar relevante analyseverktøy som t.d. statistikkprogrammet R på vegetasjonsdata

Generell kompetanse

  • Kandidaten har innsikt i relevante problemstillingar i faget
  • Kandidaten kan planlegge og gjennomføre enkle vegetasjonsøkologiske undersøkelser
  • Kandidaten kan formidle sentralt fagstoff, både munnleg og skriftleg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet byggjer på BI-424 Botanikk grunnkurs og BI-445 Økologi. Det er ei føremon med kunnskap i statistikk

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid og feltundervisning

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjende arbeidskrav, muntlige og skriftlige, og deltaking på obligatoriske ekskursjoner

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4 timar.

Karakterskala: A - E/F (stryk)