BS5-201 Kommunalt barnevern
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Målet med emnet er at studenten tileignar seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse som er relevant for arbeid i det kommunale barnevernet. Emnet er sett saman av faga barnevern- og sosialfagleg arbeid, juss og psykologi. Studentane skal i dette emnet ha tverrprofesjonell samarbeidslæring saman med barnehagelærarutdanninga.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Studenten...
- har kunnskap om samspel, tilknyting og resiliens og kan bruke desse perspektiva i arbeid med barn, unge og familiar
- har kunnskap om kva konsekvensar det kan ha for barn å leve i utsette livssituasjonar, herunder situasjonar med vald eller overgrep
- har kunnskap om barnevernsarbeid i etnisk og kulturelt mangfald
- har kunnskap om rettsreglane for enkeltsaker etter lov om barnevernstenester og dei prinsippa lova byggjer på
- har kunnskap om sakshandsaming etter lov om barnevernstenester
- har kunnskap om barnevernstenesta sitt arbeid med plassering utanfor heimen, oppfylgjing og ettervern
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan analysere utviklingsstøttande samspel og samspelsvanskar mellom barn og foreldre
- kan analysere og diskutere kva konsekvensar det kan ha for barn å leve i utsette livssituasjonar
- har ferdigheiter i barnesamtalar med avdekkande fomål
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan utøve fagleg skjønn for å treffe og grunngje barnevernfaglege avgjerder etter lov om barnevernstenester og ut frå eit barneperspektiv
Krav til forkunnskapar
Alle emne fra første studieåret må være bestått før ein kan framstille seg til eksamen. Ein må ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet BVP5-205 Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering og emnet SOS5-204 Sosialt arbeid - normalitet og avvik.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta ulike undervisnings- og læringsformer i emnet som førelesingar, arbeid i grupper/oppgåveseminar med ferdigheitstrening og rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må vere greidd for å framstille seg til eksamen:
1: 80% deltaking i ferdightestrening i grupper og den undervisningen som er knyttet direkte til ferdighetstreningen.
Studentene skal delta i obligatoriske oppgaveseminar med rundt 7 studenter i hver gruppe. Her skal de med utgangspunkt i et kasus diskutere bekymringsmeldinger til barnevernstjenesten, planlegging av undersøkelsessak, vurdering og analyse av informasjon og valg av hjelpetiltak, vurdere omsorgsovertakelse, forbrede seg til et forhandlingsmøte i fylkesnemnda, vurdere samvær for barn etter plassering og vurdere ettervernstiltak."
Obligatorisk læringsaktivitet er gyldig i 3 påfølgjande semester
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen. Det er forventa at studenten kan bruke relevant kunnskap frå tidlegare emne i studiet.
Vurderingsutrykk:
A til F, der F svarar til ikkje greidd.
Ny eksamen:
Vert gjennomført som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovlege hjelpemiddel til eksamen - lovsamling.
Meir om hjelpemiddel