BSV5-301 Tverrprofesjonell samarbeidslæring i praksis for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) inneber at studentar skal arbeide tverrprofesjonelt med mål om forbetring av kvalitet i tenestane. Gruppene er tverrprofesjonelt samansett med inntil 6 studentar i kvar gruppe. Høgskulen har ansvar for å inngå avtalar med ulike oppdragsgjevarar. Praksis er på 10 veker, inkludert førebuing og eksamen. I undervisninga vektlegges innføring i prosjektarbeid, tverrprofesjonell samarbeidslæring og organisasjonsteori. Prosjektarbeidet skal utgjere 30 timar kvar veke, i tillegg har studentane ein studiedag i veka. Studentane skal utarbeida ein skriftleg prosjektrapport som er grunnlaget for munnleg eksamen. Det vert gitt tilbod om rettleiing på prosjektrapporten.
Læringsutbytte
Kunnskap: Studenten...
- har kunnskap om grunnlaget til tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS)
- har kunnskap om ulike profesjonar si rolle tverrprofesjonell samarbeidslæring
- har kunnskap om forbetring av tenester i samarbeid med oppdragsgjevar, og kunne gjennomføre eit forbetringsarbeid i praksisfeltet
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar formelle organisasjonar med særleg vekt på organisasjonar der ulike profesjonar arbeider saman.
Ferdigheiter: Studenten...
- kan nytte prosjektarbeid som ein metode til å forbetre tenester, i samarbeid med andre profesjonar
- kan vidareutvikle sin kompetanse i samhandling
Generell kompetanse: Studenten...
- kan planlegge og gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid som deltakar i ei gruppe i samarbeid med oppdragsgjevar frå praksisfeltet
Krav til forkunnskapar
Alle emne frå første og andre studieår må vere greidd og ein må ha opparbeid seg eksamensrett i emna:
BVP5-311 Utvikling av positive læringsmiljø for barnevernstudentane
SOS5-309 Sosialt arbeid - samansette livsproblem for sosionomstudentane
VPL5-307 Kvalitet og forbetringsarbeid for vernepleiestudentane
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førpraksisseminar, prosjektarbeid, rettleiing, skriftlege og munnlege presentasjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere greidd for å kunne framstille seg til eksamen:
1: Deltaking på førpraksisseminar og i alle deler av prosjektarbeidet
2: Godkjent kontrakt for prosjektarbeidet (gruppe)
3: Innlevering av prosjektrapport i gruppe. Maks 3500 ord. Prosjektrapporten dannar grunnlag for munnleg eksamen. Studentane stadfestar kvarandre sine bidrag i gruppa.
Obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i påfølgande semester.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen, prosjektrapporten dannar grunnlag for munnleg eksamen.
Vurderingsuttrykk:
Bokstavkarakter A-F
Ny eksamen :
Ved karakteren F må studenten gå opp til ny individuell munnleg eksamen. Prosjektrapporten kan omarbeidas.
VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING
Studenten skal vise respekt for normer og reglar i arbeidslivet og opptre i samsvar med desse. Studenten har krav på vurdering undervegs i praksisstudiane, og skal halvveges eller seinast 3 veker før avslutta praksisperiode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning.
Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som openbert ikkje gjev grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få karakteren ikkje greidd sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovlege hjelpemiddel på eksamen:
- prosjektrapport.