BØA101 Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i Bitcoin, den underliggjande blokk-kjedeteknologien og kryptovalutaen sin plass i det nasjonale og internasjonale pengesystemet.
Bitcoin har opna for nye mulegheiter i den digitale økonomien og emnet skal gje studentane ei forståing av koplinga mellom teknologi, økonomi og samfunnsvitskap. Bitcoin, og andre kryptovalutaer, må forståast på ein tverrfagleg måte og i lys av dei nemnde områda. Emnet skal også gje studentane ei forståing av kryptovalutaen si spesielle og avgjerande rolle i blokkjedeteknologien.
Det er ingen krav til førehandskunnskapar innan teknologi og økonomi for å kunne ta dette emnet, og det vil passa både til økonomar som vil forstå meir av utviklinga i den digitale økonomien, og til teknologar som ønskjer å forstå meir av den spesielle blokkjedeteknologien og korleis økonomi er vevd inn i den..
Studentane skal etter å ha gjennomført kurset forstå korleis Bitcoin er oppbygd og verkar og dermed få ei grunnleggjande forståing for all blokkjedeteknologi Emnet kan også fungera som ein inngang til vidare studiar av den digitale økonomien som opne blokkjeder representerer.
Innhald
- Introduksjon til kryptovalutaer med vekt på Bitcoin
- pengehistorikk
- utvikling av digitale betalingssystem, før og etter Bitcoin
- Karakteristiske trekk ved desentrale og sentrale IT-løysingar
- Bitcoin sin konsensus-modell (Nakamoto-konsensus)
- Blokk-kjedeteknologien
- Bruk av Bitcoin og andre kryptovalutaer
- Regulering av Bitcoin og kryptovalutaer
- Anonymitet, pseudonymitet og personvern
- Bitcoin som plattform for andre tenester
- Alternative kryptovalutaer ("altcoins") og universet av kryptovalutaer
- Ethereum og smarte kontraktar
- Bitcoin, blokk-kjede og framtidig bruk og utvikling
- Blokk-kjedeteknologi som grunnlag for digitale sentralbankpengar
- Bitcoin som betalingsmiddel
- Kryptovaluta som grunnlag for nye finansieringsmodellar
- Bitcoin og pengepolitisk styring
- Bitcoin som investerings- og spekulasjonsobjekt
Læringsutbytte
Læringsutbytte
Kunnskapar Studenten skal:
- Forstå utviklinga av pengar i historisk perspektiv
- Forstå bakgrunnen for Bitcoin, og Bitcoin som klassisk eksempel på innovasjon
- Forstå korleis Bitcoin fungerer og kva som gir denne kryptovalutaen verdi
- Forstå Bitcoin og kryptovalutaer som pengar, både funksjon og eigenskapar
- Forstå kva ei finansiell boble er og vurdera kryptovalutaer i den samanhengen
- Forstå samspelet mellom teknologi, økonomi og samfunnsmessige forhold
- Forstå potensialet teknologien har som plattform og muleg infrastruktur for nye tenester
- Vera i stand til å gi råd til andre om bruk av Bitcoin og andre kryptovaluta og forklara korleis dei fungerer
- Forstå skilnaden på kryptovaluta og statskontrollerte digitale pengar
- Forstå personvernutfordringar ved overgang til eit kontantlaust samfunn
- Forstå korleis kryptovalutaer, spesielt Bitcoin, kan nyttast som betalingsmiddel ved sida av andre, eller i staden for, e-pengar og fysiske kontantar
- Forstå risikoen ved ulike investering i, og bruk av, kryptovaluta
- Forstå korleis Bitcoin og kryptovalutaer blir regulerte (skattermessig og bruksmessig)
- Forstå dei pengepolitiske utfordringane knytt til framveksten av kryptovalutaer .
Ferdigheiter
Studenten skal
- Kunna ta i bruk ei bitcoin-lommebok og forstå korleis ein vekslar mellom bitcoin og "vanlege" pengar, og mellom ulike typar kryptovalutaer
- Kunna bruka ressursar på nettet til å spora bitcoinbetalingar og forstå prosessen med ein bitcoin-transaksjon
- Skilja mellom anonymitet og pseudonymitet og vita kva teknologi som tilbyr det eine eller andre
- Kunna skilja mellom fakta og mytar om Bitcoin og andre kryptovalutaer
Generell kompetanse
Studenten skal
- Kunne følgja samfunnsdebatten knytt til bruk av kryptovalutaer.
- Ha nok kunnskap til å forstå risikoen ved investering i kryptovalutaer
- Forstå blokkjedeteknologien og kryptovaluta slik at han og ho kan bli ein viktig ressurs i slik spørsmål i arbeidslivet
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatorisk innlevering av arbeidsoppgåver.
Vurderingsform
4 timar heimeeksamen. Karakter A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- FØS8120 - Digitale pengar for framtida - Reduksjon: 7,5 studiepoeng