EVL-NORSK315 Norsk 2 5-10 - Norsk på ungdomssteget 1: Historisk perspektiv
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Generelt om studiet
Norsk 2 5-10 er eit samlingsbasert vidareutdanningstilbod som byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga, og er delt i to emne på 15 studiepoeng kvar. Emne 2A går om hausten, og emne 2B går våren. Studiet har fokus på å gje djupare innsikt i og meir historisk bakgrunn for sentrale emne som er viktige på 5.-10. trinn. Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk. For fritak, sjå forskrift § 5.
Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
Norsk på ungdomssteget 1: Historisk perspektiv er første del av Norsk 2 for GLU 5-10. Sentralt i Norsk på ungdomssteget 1 står historisk oversikt og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeidet med læringsfremjande vurdering tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.
Læringsutbytte
Læringsutbytte:
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
- har kunnskapar om skilnader på tale og skrift, og kva som kjenneteiknar den munnlege kulturen og skriftkulturen
- kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har og har hatt i kulturen vår, og om faghistorie
- har god kjennskap til norsk språkhistorie frå den eldste tida og fram til i dag og har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
- har god litteraturhistorisk oversikt, har kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og har gode kunnskapar om litteraturdidaktiske perspektiv og litteraturteoretiske innfallsvinklar
- har kjennskap til internasjonal litteratur, særleg dansk og svensk - har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar
- har kunnskapar om læreplanen i norsk for ungdomssteget
Ferdigheiter
- kan analysere tekstar med omsyn til språklege trekk knytt til historiske endringsprosessar og normering av skriftspråket
- kan vurdere språkhistoria si vektlegging i læreplan og i læreverk og førebu undervisning i språklege emne
- kan lese, analysere, tolke og samanlikne tekstar skrivne for born, ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
- kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
Generell kompetanse
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
- kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
- kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
Krav til forkunnskapar
-
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsformer:
Studiet har 2 samlingar pr semester i inntil 3 dagar. Det vert lagt til rette for fagleg samarbeid på samlingane. Kommunikasjon og aktivitet vil skje digitalt utanom samlingane. Studentane arbeider med faglege og didaktiske oppgåver knytt til fagstoffet mellom samlingane. Ein sentral del av arbeidet vil vera knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar. Vurderinga i studia vil bli gitt som obligatoriske munnlege og skriftlege studiekrav undervegs, og avsluttande vurdering i form av semesteroppgåve og heimeeksamen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har fire arbeidskrav, som inkluderer skriftlege, munnlege og multimodale tekstar. Eit femte arbeidskrav er oppmøte. Dersom det er umogleg å få til, kan det leggjast til rette for kompenserande oppgåver.
Vurderingsform
- Heimeeksamen over tre dagar, bokmål, 50%
- Semesteroppgåve, 4800 ord, valfri målform, 50%
- Karakterskala A - F
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel