EVL-NORSK415 Norsk 2 5-10 - Norsk på ungdomssteget 2: Språkmangfald og tekstmangfald
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Generelt om studiet
Norsk 2 5-10 er eit samlingsbasert vidareutdanningstilbod som byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga, og er delt i to emne på 15 studiepoeng kvar. Emne 2A går om hausten, og emne 2B går våren. Studiet har fokus på djupare innsikt i og meir historisk bakgrunn for emne som er viktige på 5.-10. trinn. Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk. For fritak, sjå forskrift § 5.
Norsk på ungdomssteget 2: Språkmangfald og tekstmangfald
Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
Norsk på ungdomssteget 2 er andre del av Norsk 2 for GLU 5-10. Sentralt i Norsk for ungdomssteget 2 står språkleg mangfald gjennom innsikt i talemålsvariasjon, sosiolektar og fleirspråklegheit, og tekstleg mangfald gjennom fokus på multimodale tekstar, ulike medium og retoriske strategiar. Norsk 2 gir også meir djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeidet med læringsfremjande vurdering tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.
Læringsutbytte
Læringsutbytte:
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar - har kunnskap om relevante språkteoretiske og språkdidaktiske omgrep og perspektiv har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag og har kjennskap til språk som ungdom brukar - har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk og har kunnskap om andre nordiske språk, også samisk. - har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine - har kjennskap til samansette tekstar, historikken til og teoriar om desse, har kunnskapar om retorikk i munnlege og skriftlege tekstar i tradisjonelle og moderne medium - har kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar innanfor norskdidaktisk forsking
Ferdigheiter - kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa - kan leggje til rette og gjennomføre undervisning for elevar med norsk som andrespråk - kan setje i gang, rettleie og vurdere skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget, kan formulere relevante kriterium for vurdering og grunngi karakterane ein set - kan sjølv bruke og kan rettleie elevar i bruk av kjeldemateriale - kan vurdere læringsressursar kritisk - kan analysera relevant forsking, har gode ferdigheiter i akademisk skriving og kan analysera og formidla eit samansett fagstoff på ein overtydande måte
Generell kompetanse - kan rettleie elevar i arbeidet med språkleg mangfald og tekstmangfald slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile - kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati - kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane - kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid
Tilrådde forkunnskapar
EVL-Norsk315
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsformer:
Studiet har 2 -3 samlingar kvart semester i inntil 3 dagar. Det vert lagt til rette for fagleg samarbeid på samlingane. Kommunikasjon og aktivitet vil skje digitalt utanom samlingane. Studentane arbeider med faglege og didaktiske oppgåver knytt til fagstoffet mellom samlingane. Ein sentral del av arbeidet vil vera knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar. Vurderinga i studiet vil bli gitt som obligatoriske munnlege og skriftlege studiekrav undervegs, og avsluttande vurdering i form av munnleg eksamen og heimeeksamen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har fire arbeidskrav som inneber skriftlege, munnlege og multimodale tekstar. Eit femte arbeidskrav er oppmøte. Dersom det er umogleg å få til, kan det leggjast til rette for kompenserande oppgåver.
Vurderingsform
- Heimeeksamen over tre dagar, nynorsk, 50%
- Munnleg eksamen, førebudd presentasjon, 50%
- Karakterskala A - F
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel