FHS8202 Rettleiingspedagogikk med fokus på individ- og gruppenivå
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet er ei vidareføring av Pedagogisk rettleiing - innføring. I dette emnet vert rettleiarrolla, rettleiingsprosess og gruppeprosessar drøfta i lys av didaktisk kunnskap. Emnet utforskar samanhengen mellom rettleiingsteori og rettleiingspraksis, gjennom undervisning, øving og planlegging av rettleiing. Målgruppa er profesjonsutøvarar innan helse- og sosialfag, med ansvar for rettleiing. Emnet er samlingsbasert / tre dagar og går over eit semester.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten...
- har inngåande kunnskap om ulike rettleiingsmodellar og metodar
- har inngåande kunnskap om det relasjonelle aspektet i gruppe og gruppeprosessar
- har avansert kunnskap om planlegging av rettleiing, rettleiingsløp og rettleiingsprosess
- har inngåande kunnskap om ulike kommunikasjonsteoretiske perspektiv i rettleiing
- har avansert kunnskap om relasjonen si betyding for læring og utvikling
Ferdigheter:
Studenten..
- kan meistre ulike rettleiingsmetodar
- kan planlegge og gjennomføre ein rettleiingsprosess for enkeltpersoner og grupper
- kan analysere rettleiingssituasjonar og gje grunna tilbakemeldingar
- kan meistre rettleiing som verktøy for refleksjon og utvikling
- kan kritisk reflektere over eigen rolle og eigne reaksjonar i rettleiing av enkeltpersoner og i gruppe
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan forstå og formidle betydinga av rettleiars verdiar, makt og ansvar i rettleiing
- kan drøfte og treffe grunna val av rettleiingsmetodar individuelt og i grupper
- kan identifisere og analysere utfordringar og etiske dilemma i rettleiing, og kritisk vurdere val av handling
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Pedagogisk rettleiing - innføring 10 studiepoeng, eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet stiller krav om eigenaktivitet og arbeid i grupper. Studentaktive læringsformer er vektlagt. Studenten vert utfordra til å bruke eigne erfaringar samt praksiskunnskapar inn i studiet. Praktiske øvingar, observasjon, tilbakemeldingar og refleksjon er sentralt i dette. Undervisninga er samlingsbasert. HVL nyttar og læringsplattformen Canvas.
Det må påreknast ein samla arbeidsinnsats tilsvarande 135 timar
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:
Arbeidskrav 1: Obligatorisk deltaking på dei tre samlingsdagane
Arbeidskrav 2: Ein grupperettleiing, der kvar student skal ha rolle som rettleiar
Arbeidskrava er gyldige to påfølgjande semester.
Vurderingsform
Eksamen:
Skriftleg individuell heimeoppgåve med omfang max 1500 ord
Vurderingsuttrykk:
Bestått - ikkje bestått
Ny eksamen:
Ved ikkje bestått leverer studenten ei omarbeida skriftleg oppgåve til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel